Våre barn og ungdommar skal ikkje oppleve å bli stengt ute frå fellesskapet anten det er i barnehagen, skulen, på fritidsarenaen eller digitalt. Alle har rett på ein trygg og god oppvekst, der dei kan trivast og utvikle seg. Dei kommunale tenestene står sentralt, og i Hareid arbeider vi på tvers av tenester for å sikre dette.
Godt psykososialt skulemiljø
Skulen er styrt av opplæringslova kapittel 12. Det kapittelet handlar om det skulemiljøet og retten til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Mobbing, krenkingar og det å bli stengt ute frå fellesskapet kan sette fysiske og psykiske spor. Slike opplevingar kan gi helseproblem, fråvær og påverke skuleprestasjonane.
Skulen si aktivitetsplikt
Alle tilsette ved ein skule har ei meldeplikt, dersom dei ser eller opplever at ein elev ikkje har det bra. Eleven sjølv eller føresette kan og skal og melde frå til skulen dersom han eller ho ikkje trivest på grunn av plaging, utestenging eller mobbing. Meld ifrå til kontaktlærar eller skuleleiinga. Skulen er forplikta til å setje i gang undersøkingar og eigna tiltak for å rette opp det som ikkje er bra. Det er eleven sine subjektive opplevingar som skal ligge til grunn for at aktivitetsplikten blir iverksett. Alle elevar har rett til å uttale seg i saker som gjeld dei sjølve.
Skulen si plikt er å
- følgje med
- seie ifrå til skuleleiinga, rektor
- undersøkje
- lage aktivitetsplan
1. Følgje med:
Opplæringslova slår fast at alle skular har ei aktivitetsplikt. Skulen må ha rutinar som omfattar alle område av skulen, inne og ute/friminutt. Særleg må dei også følgje med på overgangssituasjonar mellom undervisning og friminutt.
Følgje med/ gripe inn og om mogleg stoppe: Alle som arbeider på skule har ei plikt om å gripe inn for å stanse krenkingar dersom det er mogleg. For å vere i stand til dette, må tilsette også ha kunnskap om kor grensa går for å gripe inn. Ofte handlar det om å straks stanse negativ oppførsel, for eksempel ved å bryte opp ein slåsskamp eller stanse annan fysisk krenking, stanse utfrysingssituasjonar eller stanse og irettesette elever som krenker andre elever verbalt.
2. Sei ifrå til skuleleiinga/rektor:
Tilsette må ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ein elev som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, slik at dei kan varsle når det er naudsynt. Eleven eller føresette skal også varsle skuleleiinga/rektor om dei kjenner seg utrygge på skulen.
3. Undersøkje
Når en elev ikkje har det trygt og godt på skulen, må skulen undersøkje saka. Skulen skal ha eit klart system for undersøkingsfasen for å sikre at det er mogleg å avdekke årsakene til dette, slik at rette tiltak kan settast inn. Her er det viktig at eleven si stemme blir høyrt. Alle elevar har rett til å uttale seg i saker som gjeld seg sjølv. Det som er best for eleven skal vere grunnleggjande for skulen sitt arbeid. Det er svært viktig at eleven blir høyrt og får medverke i både undersøkingane og i forslag til tiltak.
4. Lage ein aktivitetsplan
Skulen må skildre tiltaka i ein eigen aktivitetsplan. Tiltaka skal vere basert på undersøkingane som er gjort og ein analyse av situasjonen. Planen inneheld følgande: Kva er problemet som skal løysast? Kva har skolen planlagt å gjere? Når skal tiltaka gjennomførast? Kven er ansvarleg for gjennomføringa? Når skal tiltaka evaluerast? Skulen skal dokumentere arbeidet, observasjonane og analysane som blir gjennomførte.
Førebygge mobbing
Korleis førebygger vi at plaging, krenkingar og mobbing oppstår og utviklar seg?
Innsatsen mot mobbing må starte tidleg. Heilt frå barna er små må vi gi dei mot, tillit, og kjensla av å ha ein verdi. Dei må også lære å ha omsorg og respekt for andre.
Vi treng alle å vere ein del av eit fellesskap. For nokre barn og unge kan redsla for å hamne utanfor føre til at dei tar uheldige val i samspel med andre, for å sikre at dei sjølve er inkludert. Mobbing handlar ikkje berre om enkeltbarn, men om grupper som heilskap. Det er systemet barnet innrettar seg etter, og det barnet gjer for å være med som avgjer om ein mobbekultur får utvikle seg.
Skal vi hindre at mobbing utviklar seg, må vi som vaksne vere bevisste og ta ansvar. Vaksne må sørge for trygge og føreseielege miljø rundt barna, dette gjeld ikkje berre i skulen, men også på fritida.
Det handlar om:
- å gi barnet kunnskap om korleis dei samhandlar og er i samspelet med andre.
- å gi barnet kunnskap om sine eigne kjensler og veremåte, som videre vil gi barnet føresetnadar til å sette seg inn i andre sin situasjon og sjå andre sine behov.
- å gi barnet kunnskap om korleis vi brukar språket når dei omtaler andre.
Kva kan eg som foreldre bidra til for å få eit inkluderande miljø?
- Bli kjent med andre foreldre, drøft mellom anna reglar, grenser, venskap.
- Gjer barna klar over at det å stenge nokon ute og spreie rykte også er mobbing.
- Nettmobbing: Snakk om god nettoppførsel heime. Vi skal også vise respekt når vi er på nett.
- Hjelp barnet til å vere trygg i eigen kvardag.
Elevmedverknad
Alle skular arbeider med aktiv elevmedverknad, både gjennom elevråd og aktiv klasseleiing. Elevmedverknad betyr at elevane får uttrykke meiningane sine, blir tatt på alvor og har innflyting i alt som vedkjem dei på skulen. Elevane skal til dømes kunne gi innspel til:
- korleis dei opplever undervisinga
- korleis dei lærer best og kva dei treng av hjelp
- klassereglar om korleis dei ønsker å ha det i klassen/gruppa
- miljøet i klassen/gruppa og på skolen
- friminutt og skulegarden
- korleis skulen kan skape trivsel og førebyggje mobbing
- reglar og prosjekt som blir sett i gang på skulen
- lekser og vekeplan
Elevane si stemme og meiningar om kva som skal til for å skape eit trygt skulemiljø og førebyggje mobbing blir lytta til ute i skulane. Dette er også nedfelt i føremålsparagrafen i opplæringslova og i barnekonvensjonens artikkel 12.