Hareid kommune har oppretta støttande team

Vi vil gi alle tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule.

Elisabeth Skotheim og Torill Oda Ringstad jobbar i støttande team i Hareid kommune. Erlend Friestad  

Hareid kommune har oppretta støttande team som ein del av kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis for barnehagane og skulane i Hareid. Målet med kompetanseløftet er at alle barn og elevar skal få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Støttande team arbeidar tverrfagleg og har kompetanse innan pedagogisk arbeid, sosialt arbeid, psykisk helse og spesialpedagogikk.

Målet for støttande team er å samarbeide med dei som kjenner barnet best. Arbeidet skal vere førebyggande gjennom å sjå heile barnet. Alle barn skal få oppleve tryggheit og positiv utvikling, og då er det viktig å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage, skule og heim. Støttande team er eit lågterskel tilbod. Både barnehage, skule og heim kan ta kontakt med oss.

Du kan kontakte støttande team på e-post: