Ta kontakt med Ressurssenteret på Hareid for kurstilbod og gratis undervisning.
Ressurssenteret i Hareid kommune er autorisert tilbydar av Kompetansepluss-kurs og får tilskot frå staten til desse kursa. Ressurssenteret i Hareid kommune er opplæringstilbydar og har kurs for innbyggarar på Søre Sunnmøre.
Målgruppa for kursa er vaksne arbeidstakarar, primært med lav formell utdanning, som treng å styrke sine grunnleggande ferdigheiter eller kunnskap i norsk.
Deltakarane skal ha løn- og arbeidsforhold hjå verksemda som søkjer og vere tilsett for minimum seks månadar.
Opplæringa skal vere frivillig og gratis for deltakarar. Dersom kursa skjer i arbeidstid, er det ikkje lov å trekkje deltakarane i løn.
Her finn du søknadsskjema. (DOC, 93 kB)
Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med:
Trine Pilskog, 7037691 / 90152322 eller
Eiliv Tore Howlid, telefon 94830514 / 70037690
Sjå også: kompetansenorge.no/