Samleside for all informasjon om koronapandemien i Hareid kommune

Denne sida blir kontinuerlig oppdatert med siste nytt og anna viktig informasjon om koronapandemien.

Trykk på pilane/plussteiknet til høgre for å lese om kvart punkt.

Positiv hurtigtest? Registrere sjølv? Ta laboratorietest?

Oppdatert 28. juni 2022

Dersom du eller dine får positivt svar på hurtigtest skal du gjere følgande:

Gå inn på denne sida og registrer den positive hurtigtesten. Her kan du også leggje inn nærkontaktar.

  • Føresette registrerer positiv test for barn under 18 år.

Frå 1. juli er ikkje kommunane forplikta til å tilby laboratorietest (PCR) for å sikre grønt koronasertifikat. Hareid kommune vil derfor ikkje tilby slike testar frå den datoen.

Vaksne med positiv hurtigtest bør halde seg heime i minst fire døgn frå symptoma starta til du har vore feberfri i minst 24 timar. Eigne råd for barn. Sjå eige punkt om smitte/isolasjon.

Personar som ikkje er digitale kan kontakte smittesporingsteamet på telefon for registrering. Ikkje send sensitive opplysningar på tekstmelding, men berre be om at du blir kontakta. Nummeret er 468 34 785.

Koronatesting og hurtigtesting i Hareid kommune

Oppdatert 28. juni

Du treng ikkje teste deg om du får symptom på korona. Dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegssjukdom bør du halde deg heime til du kjenner deg frisk.

Dersom du likevel vel å teste deg med hurtigtest, bør du framleis halde deg heime så lenge du er sjuk, sjølv om testen er negativ.

Det er ikkje naudsynt å teste seg om du bur med ein smitta og ikkje har symptom

Øvrige nærkontaktar treng berre å teste seg om dei har symptom

Barn treng ikkje teste seg.

Vi tilbyr sjøvtestarar (hurtigtest) til personar som har symptom på luftvegsinfeksjon eller nærkontaktar. Du kan få hurtigtestar på legesenteret i tredje etasje på helsehuset i legesenteret si opningstid.

Dersom du får ein positiv hurtigtest ber vi deg registrere den i våre system. På den måten har vi oversikt over smittetrykket i kommunen.

Registrere positiv sjølvtest.

Ordinær test /laboratorietest (PCR)/profesjonell hurtigtest

Frå 1 juli er ikkje kommunane forplikta til å tilby koronatest for å gi grønt koronasertifikat. Hareid kommune vil derfor ikkje tilby PCR-testar til dette føremålet frå den datoen.

Korona-smitte i Hareid kommune

Hareid kommune rapporterer for tida ikkje om smittestatus i kommunen.

Koronavaksinering i Hareid kommune

Hald deg oppdatert på vaksineportalen vår.

Den blir oppdatert fortløpande med status, kven som skal ha vaksine, tidspunkt for vaksinering med meir. 

Nasjonale informasjonssider om koronapandemien
Isolasjon og karantene

Oppdatert 28. juni.

Det er ikkje lenger isolasjonsplikt om du er smitta med koronavirus.

Det er eit generelt råd om å halde seg heime om du er sjuk, men dette gjeld alle infeksjonssjukdommar og ikkje berre covid.

Det er også eit generelt råd at det ikkje er naudsynt å teste seg om du får symptom.

Information in foreign languages

Til deg som er norsktalande: Erfaringsmessig er det ikkje mange framandspråklege som går inn på våre heimesider. Vi håpar derfor du kan vere med å spreie informasjon på morsmålet til dei du kjenner som ikkje har norsk som morsmål.

 

Reiser - råd og restriksjonar

Oppdatert 28. juni 2022

Reiser i Noreg

Det føreligg ikkje særskilde råd om reising innad i landet. 

Reiser til/frå utlandet

Peikarane under viser vidare til helsenoreg.no som alltid er oppdatert med dei gjeldande reglane og råda.

Kvar finn eg koronasertifikatet mitt?

Koronasertifikatet kan nyttast på mellom anna reise og til å få sleppe inn på arrangement med særskild mange deltakarar.

Frå 7. oktober vil koronasertifikatet til bruk innanlands vere usynleg. Det vil bli henta fram igjen om naudsynt. EU/EØS-sertifikatet vil framleis vere synleg.

Les meir om sertifikatet her og kva som gir grønt/gyldig sertifikat og kor lenge det varer.