Informasjon om flyktningar og beredskap grunna krigen i Ukraina

Artikkelen under vil gi informasjon om korleis Hareid kommune handterer flyktning- og beredskapssituasjonen i kommunen og forhåpentlegvis svare på ein del av spørsmåla mange av innbyggarane våre sit med.  

Denne sida blir oppdatert med nye moment og nytt innhald når det er aktuelt.

Informasjon om flyktningar frå Ukraina til Hareid

Med bakgrunn i den krigen og den humanitære krisa i Ukraina og formannskapet sitt vedtak der dei ber kommunedirektøren om å førebu mottak av krigsflyktningar så snart nasjonale mynde ber om dette, har administrasjonen arbeidd med førebuing og mottak av flyktningar og asylsøkarar som kan kome til Hareid kommune.

Hareid kommue har søkt og fått tilslag på å opprette kommunalt asylmottak. Dei fyrste flyktningane kom til oss i veke 14. Totalt skal asylmottaket ha plass til 234 flyktningar, fordelt på hotellet og Myrtunet. Les meir her.

Vidare har vi per dags dato meldt inn at vi kan busette inntil 60 flyktningar. Dette talet kan aukast ved behov. Kommunen har sett i gang ei kartlegging av ledige husvære i kommunen (sjå eige punkt).

Planane er forankra med dei som vert involvert – barnehagar, skular og helsetenestene.

Vi oppdaterer fortløpande.

Informasjon til privatpersonar som har kontakt med flyktningar frå Ukraina

Registrering

Dersom private personar har kontakt med eller har busett flyktningar frå Ukraina, er det viktig at desse får registrert seg. Då får dei D-nummer som gir rett til helsehjelp med meir. Flyktningar må registrere seg hos politiet.

Dersom flyktningane allereie har kome til Hareid og er i trygge omgivnadar, kan registrering vente noko. Politiet har kapasitetsproblem. Registrering skjer på politistasjonen i Ålesund. Alle MÅ ha avtale før oppmøte. Time kan bestillast på telefon 70 11 87 00.

Vi vil også at de kontaktar ressurssenteret på telefon 70 03 76 94.

Les meir på politiet sine heimesider.

Les meir om kva reglar og råd som gjeld for flyktningar frå Ukraina på UDI sine sider.

Eg har bustad til flyktningar. Kvar melder eg meg?

Hareid kommune held på å kartlegge bustadar som kan passe til busetting av flyktningar.

Vi ønsker å få oversikt over potensielle bustadar for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.Det er framleis svært usikkert kor mange flyktningar som kjem til Noreg frå Ukraina og kor lenge dei vil bli. Det vi veit er at regjeringa vedtok 11. mars at flyktningane frå Ukraina skal få kollektiv beskyttelse. Vi reknar med at vi må busette både enkeltpersonar og familiar, også frå andre område enn Ukraina. Les meir og meld inn om du eventuelt har disponibel bustad.

Eg har klede og anna utstyr eg vil gi til flyktningane
Eg vil hjelpe til med frivillig arbeid knytt til flyktningar
Eigenberedskap til kriser

Direktoratet for samfunnssikkerheit, DSB, har laga ei brosjyre med kva vanlege folk bør ha heime i tilfelle krise (vatn, mat, brensel mm). Dette kan vere kriser som oppstår til dømes på grunn av uvêr og straum- eller vassbrot, sabotasje eller tekniske problem. Desse råda gjeld altså uavhengig av krigen i Ukraina.

Her kan du laste ned brosjyren.

sikkerkvardag.no kan du lese meir og laste ned lista over kva du bør ha i hus.

 

 

 

Kven skal ta jod-tablettar og eventuelt når?

Vi har fått fleire førespurnadar om Jodtablettar.

Desse tablettane har vore ein del av «kvardagsberedskapen» i mange år då dei kan førebygge strålingsskader etter radioaktivt nedfall etter til dømes ein atomulukke.

Kommunar er pålagt å ha eit beredskapslagar. I tillegg er private oppmoda om å ha eit beredskapslager heime. Slike tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek (10-pakning).

Ved atomutslepp følgjer det ofte med radioaktivt jod. Radioaktivt jod kan føre til kreft og stoffskifteproblem. For å hindre at radioaktivt jod blir tatt opp i kroppen, bør nokre av oss ta jod-tablettar for å «fylle opp» lageret (skjoldbrukskjertelen) med stabilt jod.

I tillegg til barn under 18 år, er det anbefalt at personar mellom 18-40 år tek jodtablettar

Personar over 40 år har liten risiko for kreft i skjoldbrukskjertelen. Det er derfor ikkje anbefalt at denne gruppa tek jod-tablettar.

Kommunane har ansvar for å sikre at alle under 18 år får tilgang til jodtablettar i ein situasjon med radioaktivt nedfall. Hareid kommune har et rikeleg beredskapslaget til å dekke alle barn i kommunen, i tillegg til gravide og ammande.

Jod-tablettar for å førebygge strålingsskader ved radioaktivt nedfall skal berre takast etter råd frå nasjonale styresmakter. Dersom det blir aktuelt å gi råd om å ta jodtablettar, vil det gå ut melding frå statelege helsemynde. Vi vil då informere om kvar innbyggarar kan vende seg for å få tablettar frå Hareid kommune.

Skal tablettane ha god effekt, skal dei takast relativt raskt og før nedfallet kjem. Alt etter vêr og vind, vil vi ha frå eit halvt-to døgn på å reagere. For å kunne respondere raskt har mange kommunar i fleire år bede om samtykke frå føresette slik at barn og elevar kan få jod-tablettane på skule/i barnehage. Dette har ikkje Hareid kommune per no. For å vere i forkant, kjem Hareid kommune til å sende ut samtykkeskjema til alle føresette i næraste framtid.

Merk:

  • Jod-tablettane beskyttar berre mot strålingsskader frå radioaktivt jod. Ved atomulukker vil det også vere andre radioaktive stoff som blir slept ut.
  • Jod som kosttilskot kan ikkje nyttast til å førebygge strålingsskader.
  • Bordsalt tilsett jod har heller ikkje effekt, og det er helseskadeleg å ete for mykje salt.

Her kan de lese meir om jodtablettar.

Kriseleiinga

Beredskapsleiinga har kontakt med regional og statlege instansar som held oss oppdatert på situasjonen og eventuelle tiltak som bør setjast i verk. Vi vil via heime- og Facebook-sida vår informere innbyggjarane fortløpande om eventuelle hendingar.

Uttale frå Hareid formannskap om krigen i Ukraina

Formannskapet i Hareid tek sterk avstand frå Russland sitt militære åtak på Ukraina

Åtaket er eit alvorleg brot på folkeretten, og eit overgrep både mot nasjonen Ukraina, sivilbefolkning i landet og det demokratisk valde styret.

Nærare ein million menneske er allereie på flukt frå krigen. Formannskapet er innstilt på å legge til rette for at flyktningar frå krigen i Ukraina kan komme til Hareid. Vi ber kommunedirektøren om å førebu mottak av krigsflyktningar så snart nasjonale mynde ber om dette.

I Hareid er det innbyggarar både av russisk og ukrainsk opphav. Formannskapet oppmodar alle innbyggarar i Hareid om å være inkluderande og medmenneskelige og vise solidaritet i ei svært krevjande tid – både mot dei med ukrainsk bakgrunn og russisk bakgrunn. Vi veit at svært mange av dei vanlege russarane ikkje ønsker denne konflikten mellom to broderfolk.

Mange born er uroa og redde for krigen i Ukraina. Formannskapet er opptekne av at vaksne må ta dette på alvor og snakke med borna, og oppmodar barnehagar og skuler til å være merksame på bornas reaksjonar.

Medisinsk naudhjelp frå Hareid til Ukraina

Hareid kommune har vedteke å gi 5 kroner per innbyggar til medisinsk naudhjelp til Ukraina.

Les meir om løyvinga her.

Tilfluktsrom

Hareid kommune har oversikt over både tilfluktsromma vi eig sjølv og dei private tilfluktsromma i kommunen. Vi vil klargjere desse om naudsynt, men det er per no ein heilt uaktuell problemstilling.