Om sektor for velferd - utfordringar og mål

Sektor for Velferd omfattar legeteneste, helsestasjon, NAV Hareid/Ulstein/Sande (Hareid er vertskommune), barnevern, rus/psykiatri, fysioterapi/ergoterapi, heimeteneste, institusjon, bu- og habilitering, kjøkken og dagsenter.

Klikk for stort bileteNils-Arne Skagøy, kommunalsjef sektor for velferd  Årsverk: 130,72

Tilsette: 166

Status/utfordringsbilete

Dei tilsette i sektor Velferd er dedikert i sitt arbeid for å yte teneste som verkar, er trygge og rettferdig. Sektoren har eit meirforbruk som skuldast press på tenester, nye oppgåver og redusert moglegheit til  å differensiere tiltak innan fleire tenesteområde. Evne til fleksibilitet og ressursutnytting vert viktig i møte med auka oppgåver som tidligare vart ivareteke av spesialisthelsetenesta.

Ei anna utfordring er å førebu seg på ein kraftig auke i den eldre del av befolkninga om få år. Skal vi lykkast i møte med dei utfordringane som ligg føre må verksemda styrke fagkompetansen, ha fokus på dialog og evne til kontinuerleg forbetring og innovativ haldning.     

Utfordringsbildet handlar om å få ei drift i balanse. Sikre framdrift på omstillingsarbeidet. Få ei betre differensiering av tenestetilboda (eks: demenstilboda / bu- og habilitering) Og å lykkast med strategisk planlegging

Klikk for stort bileteSjå rådmannen sin presentasjon av budsjettet frå folkemøtet 21. november.Mål/tiltak

I forslag til budsjett for 2020 er det ført opp fleire driftstiltak som gir auke i driftskostandane. Fleire av dei gjeld oppfølging av politiske vedtak og forpliktingar i interkommunalt samarbeid (barnevern, NAV og legevaktordning). To av tiltaka gjeld lovpålagte oppgåve frå 2020 (kommunepsykolog og Dagaktivitet for heimebuande menneske med demens). Nokre av driftstiltaka  gjeld «Omstilling i Hareid» der nokre forbetrings- og effektiviseringarbeid krev investering, døme her er programvare for å redusere matsvinn og betre ressursutnytting i heimetenesta. Eit av tiltaka er relatert pasienttryggleik/HMS, innkjøp av personløftar ved sjukeheimen. Utskifting/oppgradering av signalanlegg ved Hadartun vil gi ein betre infrastruktur for velferdsteknologi. Driftstiltak relatert velferdsteknologi er påkrevd, og vil gi betre ressursutnytting i tenesteproduksjonen - effektivisere drifta.

I forslag til Budsjett og Handlingsplan 2020-2023 viser Rådmannen til naudsynt kutt på 7,4 millionar for sektor Velferd. Det er lønsutgiftene som må reduserast. Skal ein få til varig lønnsreduksjon må ein redusere sektoren sin tenesteproduksjon. Dette vil krevje metodisk tilnærming som ivaretaking av tilsette og ROS analyse der reduksjon av tenestilbod er aktuelt.

Døme på tiltak som vert vurdert er strukturendring, tenesteyting på anbod, reduksjon i tenestetilbod, tildeling av tenester versus ressursforvaltning og differensiering av tenestetilboda.

Her kan du gå tilbake til budsjettsida

Her kan du lese heile budsjettdokumentet (økonomi og handlingsprogam 2020-2023)