Hareid samanlikna med andre kommunar

Her får du samanliknbare tal for demografi, sysselsetting, kor mykje kommunane nyttar på dei ulike tenestene, med meir.

Folketalet i Hareid kommune var 1.1.2020 på 5 175, noko som gir ei auke på 6,4 % dei siste 10 åra. Auka frå 2019 er på 0,4 % eller 20 pesonar. Folketalsutviklinga er eit resultat av fødselsoverskotet pluss nettotilflytting. Fødselsoverskotet er talet på fødde minus talet på dødde same år. I 2019 vart 59 fødde og 47 dødde. Det gav eit fødselsoverskot på 12.


 

Klikk for stort bilete Utanom fødselsoverskotet er det innanlandsflytting og innvandring som avgjer om det er vekst eller nedgang i folketalet i ei kommune. For Hareid sin del har vi i 2019 hatt ei netto innvandring på 18 personar, noko som er vesentleg lågare enn i 2018 då det var på + 35. Nettoinnflyttinga innanlands har derimot betra seg frå ei negativ innflytting på 27 personar i 2018 til berre 10 i 2019. Netto tilflytting i 2019 var soleis på 8 personar.

Berre 4 kommunar i Møre og Romsdal hadde høgre prosentvis folketalsauke frå 2019 til 2020 enn Hareid. Vi ser dessverre at utviklinga i 2020 har vore negativ i fyrste halvår og folketalet er no på 5 139.

Samansetninga av befolkninga er svært viktig for utviklinga og for dimensjonering av dei offentlege tenestane. Per 1.1.2020 var hadde kommunen 1290 barn og unge under 19 år, medan 662 personar var 70 år eller eldre.

Framskrivinga fram til 2050 viser ei markant auke i behovet for tenester innan pleie og omsorg, medan behovet for tenester til barn og unge vil gå noko ned.

Klikk for stort bilete 

Sysselsetting

Koronapandemien har hatt store konsekvensar i arbeidsmarknaden, også i Møre og Romsdal. Sjølv om fylket har hatt relativt få smittetilfelle, har likevel konsekvensane av smitteverntiltaka og ringverknadane av lågare konsum nasjonalt og internasjonalt gjort at mange har blitt heilt eller delvis ledige. Per utgangen av juli 2020 var 9 868 personar heilt eller delvis ledige i Møre og Romsdal. Ved utgangen av februar var same tal 4 271 personar. Det er ein auke på 131 prosent.

Klikk for stort bilete Kommunefordelt ser ein at det er kommunar på søre Sunnmøre kor det er høgast ledigheit, både målt i tal heilt ledige og delvis ledige i prosent av arbeidsstyrken. Særleg gjeld dette kommunane Herøy, Ulstein og Hareid. Desse tre kommunane hadde alle ei samla ledigheit på over 10 prosent av arbeidsstyrken i kommunen. Høgast andel heilt ledige var det i Hareid med 7,8 prosent, mens andelen delvis ledige var høgast i Ulstein med 4,2. Hareid hadde samla sett høgast ledigheit når ein ser desse gruppene saman, med 11,6 prosent av arbeidsstyrken. Ledigheita i desse kommunane heng saman med utfordringane i maritime petroleumsretta næringar.

For Hareid kommune sin del har situasjonen betra seg noko utover hausten og er i november nede i 5,9 %. Arbeidsplassdekninga er fortsatt lågare enn ønskeleg.

Klikk for stort bilete 

Kostrasamanlikningar

Kostrasamanlikning på dei største tenesteområda våre viser at Hareid kommune driv tenestane sine effektivt. Vi har lågare driftsutgifter til både barnehage og grunnskule enn både kostragruppe 10 og landet utan Oslo. Også på helse og omsorg driv vi effektivt og med lågare kostnadar enn dei vi vert samanlikna med, men vi ligg høgre enn dei når det gjeld del av innbyggarar over 80 år som bor på sjukeheim og på brukarar av heimetenester i aldersgruppa 0-66 år. Vi må fortsette å sjå til dei kommunane som driv enda meir effektivt enn oss og hente inspirasjon derfrå for å verte endå betre. 

Her er lenke til alle kostra-tala. Der kan du samanlikne også andre kategoriar.

Nøkkeltal barnehage

Hareid

KOSTRA-gruppe 10

Landet uten Oslo

Andel barn 1-2 år i barnehage, i forhold til innbyggere 1-2 år (prosent)

89,4

81,3

84,6

Andel barn 1-5 år i barnehage, i forhold til innbyggere 1-5 år (prosent)

93,5

90,8

92,4

Andel barn 3-5 år i barnehage, i forhold til innbyggere 3-5 år (prosent)

96,0

96,6

97,3

Andel barn i kommunale barnehager i forhold til alle barn i barnehage (prosent)

52,1

55,7

49,1

Antall barn korrigert per årsverk til grunnbemanning, alle barnehager (antall)

6,0

5,8

5,7

Andel barnehagelærere i forhold til grunnbemanning (prosent)

40,1

41,3

41,5

Andel barn i kommunale barnehager som får spesialpedagogisk hjelp (prosent)

-

3,4

3,9

Korrigerte brutto driftsutgifter til barnehager (f201, f211, f221) per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehager (kr)

65,3

76,0

78,8

Andel minoritetsspråklige barn i barnehage i forhold til innvandrerbarn 1-5 år (prosent)

91,4

80,8

83,0

Netto driftsutgifter barnehager i prosent av kommunens totale netto driftsutgifter (prosent)

16,1

14,8

14,3

Netto driftsutgifter barnehager, per innbygger 1-5 år  (kr)

159 755

157 055

163 207

Korrigerte brutto driftsutgifter f201 per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehager (kr)

55,9

61,6

62,7

 

Nøkkeltal grunnskule

Hareid

KOSTRA-gruppe 10

Landet uten Oslo

Årstimer til særskilt norskopplæring per elev med særskilt norskopplæring (antall)

23,5

50,1

36,3

Årstimer til spesialundervisning per elev med spesialundervisning  (antall)

190,8

146,8

139,9

Elever i kommunale og private grunnskoler som får særskilt norsksopplæring (prosent)

5,5

3,3

4,9

Elever i kommunale og private grunnskoler som får spesialundervisning (prosent)

6,9

7,7

7,8

Elever på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i lesing 8.trinn (prosent)

64,4

73,6

75,0

Elever på mestringsnivå 3-5, nasjonale prøver i regning 8.trinn (prosent)

74,6

68,7

68,7

Gruppestørrelse 2 (antall)

16,0

15,8

15,8

Gjennomsnittlig grunnskolepoeng (antall)

38,9

41,4

41,7

Netto driftsutgifter grunnskolesektor (202, 215, 222, 223),  i prosent av samlede netto driftsutgifter (prosent)

24,1

24,6

23,0

Netto driftsutgifter til grunnskolesektor (202, 215, 222, 223), per innbygger 6-15 år (kr)

115 812,6

117 514,3

117 307,7

 

Nøkkeltal helse og omsorg

Hareid

KOSTRA-gruppe 10

Landet uten Oslo

Utgifter kommunale helse- og omsorgstjenester per innbygger (kr)

27359

28535

28772

Årsverk helse og omsorg per 10 000 innbygger (årsverk)

301,3

306,7

313,7

Netto driftsutgifter til omsorgstjenester i prosent av kommunens samlede netto driftsutgifter (prosent)

32,5

32,4

32,4

Andel brukerrettede årsverk i omsorgstjenesten m/ helseutdanning (prosent)

70,5

79,3

77,7

Årsverk per bruker av omsorgstjenester (årsverk)

0,45

0,55

0,58

Andel innbyggere 80 år og over som bruker hjemmetjenester (prosent)

31,5

31,4

30,3

Andel brukere av hjemmetjenester 0-66 år (prosent)

54,6

50,2

47,9

Andel innbyggere 80 år og over som er beboere på sykehjem (prosent)

13,3

10,0

11,9

Andel brukertilpassede enerom m/ eget bad/wc (prosent)

97,9

89,5

91,0

Utgifter per oppholdsdøgn i institusjon (kr)

3460

4024

3842

Andel private institusjonsplasser (prosent)

0,0

4,5

5,5

Legetimer per uke per beboer i sykehjem (timer)

0,33

0,52

0,56

Andel innbyggere 67-79 år med dagaktivitetstilbud  (prosent)

1,18

0,82

0,69

Netto driftsutgifter til kommunehelsetjenesten i prosent av kommunens samlede netto driftsutgifter (prosent)

4,3

4,7

5,0

Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggere (årsverk)

10,2

10,8

11,5

Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggere (årsverk)

9,1

9,1

9,7

Avtalte årsverk i helsestasjons- og skolehelsetjenesten per 10 000 innbyggere 0-20 år (årsverk)

45,6

49,0

44,1

Andel nyfødte med hjemmebesøk innen to uker etter hjemkomst (prosent)

94,9

93,2

93,4