Kommuneplan: Hovudmål

Gjeldande kommuneplan har fire hovudmål, og tre av desse er relatert til samfunnsutvikling:

  • Hareid skal vere ei bu- og utviklingskommune. Ein attraktiv kommune å bu og leve i for den einskilde, for familien, tilflyttarar og kompetansepersonar.
  • Hareid kommune skal gi barn og unge gode oppvekstvilkår, trygge miljø, trivsel og samkjensle som grunnlag for livskvalitet, identitet og utvikling
  • Hareid skal vere ein kommune som gjer det mogleg med eit allsidig næringsliv der miljø og arbeidsplassar kan tryggast, moglegheiter utviklast, nye verksemder

Kommuneplanen sitt fjerde hovudmål er retta inn mot kommunen sitt ansvar som tenesteytar:

  • Kommuneorganisasjonen i Hareid skal sikre tenester og service av rett kvalitet i samsvar med behova i kommunen etablerast og får folk med kompetanse til å bu i kommunen.

I planstrategien for Hareid kommune (2016 – 2020) er det vedteke at ein skal starte rullering av kommuneplanens samfunnsdel i løpet av perioden. Arbeidet med ny samfunnsdel har no starta. Planprogrammet har vore på høyring, og er klart for godkjenning.

Kommuneplanens samfunnsdel er verktøyet for kommunens heilskapelege planlegging. Det er med andre ord eit viktig styringsverktøy for folkevalde og administrasjon i åra framover. Gjennom planarbeidet med samfunnsdelen skal kommunen vektlegge viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, samstundes som ein skal synleggjere dei strategiske vala kommunen tek.

Administrasjonen har valt å foreslå fire hovudmål i planprogrammet. Desse er som følgjer:

  • Ein god kommune å bu i
  • Ein trygg kommune å vere i
  • Ein attraktiv kommune å arbeide i
  • Ein spanande kommune å leve i

 

Visjon Losen 2025

Hareid kommune har sidan 2017 brukt Kommunekompasset som verktøy for kvalitetsforbetring i utviklinga av ei betre forvaltningskommune. Kommunekompasset er eit verktøy for strategisk utvikling av den kommunale organisasjon og for vurdering av forvaltningspraksisen i kommunen. Verktøyet tek utgangspunkt i at ei kommune er ein samansett organisasjon med fire hovudoppgåver:

  • Kommunen som politisk-demokratisk arena
  • Kommunen som ansvarleg for tenesteproduksjon overfor innbyggjarar
  • Kommunen som myndeutøvande organ i fylje lover og forskrifter
  • Kommunen som samfunnsutviklar

Undersøkinga er ei evaluering med fokus på åtte områder, der kommunane vert målt opp mot kvarandre.

  • Offentligheit og demokrati
  • Tilgjenge, innbyggar- og brukarorientering
  • Politisk styring og kontroll
  • Leiarskap, ansvar og delegasjon
  • Resultatfokus og effektivitet
  • Kommunen som arbeidsgivar
  • Utviklingsstrategi og lærande organisasjon
  • Kommunen som samfunnsutviklar    

 

Vi har som målsetting å verte ei god forvaltningskommune, og arbeider etter ein slik visjon:

Lærande

Organisasjon med

Samskaping og

Energisk

Nyskaping

mot 2025

 

Vekst i Hareid

«Med vind i segla»

Saman med Hareid næringsforum og Møre og Romsdal fylkeskommune har kommunen arbeidd med næringsutvikling gjennom prosjektet Vekst i Hareid. Det er gjennomført eit forprosjekt, og ein søkjer no om midlar til eit hovudprosjekt der målsettinga er slik:

«Vekst i Hareid skal bidra til å sikre og utvikle konkurransekraft og legge grunnlag for næringsutvikling».

Vekst i Hareid har desse tre satsingsområda:

  • Havrom
  • Attraktiv bukommne
  • Auka konkurransekraft

 

Arbeidsgivarpolitikken

Hareid kommune sin visjon / rettesnor i arbeidsgivarpolitikken seier: «gode tenester – glade tilsette»

I dette har ein laga huskeregelen «kva meir» for kva som skal ligge i dette;

Kvalitet

Vilje

Arbeidsglede

 

Medmenneske

Effektivitet

Inkluderande

Romsleg

 

Organisasjonskulturen skal vere prega av

  • Brukarfokus
  • Godt samspel mellom politikk og administrasjon
  • Positivt menneskesyn
  • Klar organisering og ryddige forhold
  • God informasjonsflyt
  • Bevisst oppbygging av kompetanse

 

Rettesnor for kommunen sitt leiarskap:

  • Resultatoppnåing
  • Tydeleg leiarskap, realistisk målformulering, ansvarleg- og myndiggjering
  • Rett rekruttering, god introduksjon, kompetanseutvikling
  • Oppfølging, konstruktiv tilbakemelding
  • Profesjonell konflikthandtering
  • God informasjonsflyt, engasjement ved involvering, klar prioritering

Arbeidsgivarpolitikken er frå 2004 og treng ein gjennomgang, men ein ser at mange av tankane frå den gang står seg like godt i dag.