Læring og kultur: mål, utfordringar og budsjett

Sektoren tek hand om tenesteområda barnehage, grunnskule, vaksenopplæring, flyktningtenesta, norsk for framandspråklege, kultur og idrett.

Årsverk: 151

Status / utfordringsbilde

Innanfor alle områder i sektoren er det stor aktivitet knytt til kompetanseutvikling både innan for kommunen, i regionen, og deltaking i nasjonale satsingar. Hareid kommune er med i satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø, og er i tillegg utpeika som ei av 13 kommunar til å prøve tiltak for tidleg innsats i både barnehage og skule. I barnehage held vi bemanningsnorma, men ligg under landsgjennomsnittet, og dei fleste omliggande kommunar i kostnad per barn. På grunnskule ligg vi under dei fleste omliggande kommunar, og kommunegruppe når vi samanliknar kostnad per elev. Siste måling synte 15,6 elevar per lærar, men vi held truleg lærarnorma på grunn av kreativ organisering.


Dei kommunale barnehagane driv med høgt tal barn per eining. God omtale og høg kvalitet på tenestene har gjeve auka tal på søkjarar. Dette gjev lågare driftsutgifter per barn, og difor lågare tilskot private barnehagar. Dei kommunale barnehagane stettar den nasjonale bemanningsnorma. Slitasje på bygningane, og manglande vedlikehald, gjer kvardagen til både små og store vanskelegare både miljømessig, og når det gjeld reinhald og orden.

Sjølv med gjennomsnittleg store grunnskuleklasser og låge driftsutgifter per elev ser vi ei positiv utvikling både på resultat og miljømessige tilhøve. Godt kvalifiserte tilsette, og vektlegging av utvikling og kompetanse, er ein viktig faktor i den positive utviklinga. Vaksenopplæringa har lykkast med tilbodet til andre kommunar, og tener pengar på det.

Hareid kommune har, per 01.11.2020, mottatt sju av ti tildelte  flyktningar. Det er usikkert om kommunen får busette fleire i 2020. Kommune er oppmoda om å ta i mot 11 i 2021. Utfordringar vi ser, er å finne høvelege bustadar, usikker arbeidsmarknad, og langsiktige økonomiske utfordringar.

Kulturtilbodet innan bibliotek, kulturskule og anna fritidstilbod har ei jamn drift med små variasjonar. Re-opning av kommunal ungdomsklubb har vorte ein suksess.

 

Mål / tiltak

  • Gjennomgang av alle delar av sektoren for å finne optimal/  berekraftig drift.
  • For å oppretthalde kvalitet og tilbod - vurdere organisatoriske endringar
  • Ny kommunal barnehage som erstatning for dei to sentrumsbarnehagane
  • Vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet rundt oppvekstvilkåra for barn og unge i Hareid.
  • Oppretthalde drift av kommunal ungdomsklubb.

 

Budsjett

Læring og kultur

Budsjett 2020

         139 150 100

Sum konsekvensjustering

- 781 091

Andre endringer: Artsavhengighet (pensjon mv)

              2 057 559

Prisjustering

2 249 162

Sum konsekvensjustert budsjett utan tiltak

         142 675 730

 

 

Valte driftstiltak

 

Læring og kultur : Kompetanseløft 2021. (31)

-400 000

Læring og kultur : Flytting bibliotek. (20)

60 000

Læring og kultur : Nye lisensar og serviceavtalar bibliotek. (21)

80 000

Læring og kultur : Redusert overføring til privat barnehage. (34)

-2 000 000

Læring og kultur : Rensing og vedlikehold av stoffmøblar i Bibliotek. (22)

20 000

Sum valte tiltak

-2 240 000

 

 

Kommunedirektøren sitt framlegg til ny ramme i budsjett 2021

140 435 730

 

Sektoren er pålagt eit kutt i høve ramma for 2020 om ein ser vekk frå prisjusteringa. Dette gjeld i all hovudsak reduserte overføringar til private barnehagar.

Driftstiltak

020: Læring og kultur : Flytting bibliotek         kr. 60 000,-

Frysing av alle media grunna skadedyr, samt kostnadar rundt flytting elles.

031: Læring og kultur: Kompetanseløft 2021kr.            - 400 000,-

Eit samarbeidsopplegg mellom sektor for Læring og kultur og sektor for Velferd.

021: Læring og kultur : Nye lisensar og serviceavtalar bibliotek                                              kr. 80 000,-

Nye lisensar og serviceavtalar knytta til meirope bibliotek.

034: Læring og kultur : Redusert overføring til privat barnehage.                                kr. -2 000 000

Innsparing pga fleire barn i dei kommunale barnehagane.

022: Læring og kultur : Rensing og vedlikehold av stoffmøblar i Bibliotek                   kr 20 000

Rensing og vedlikehald av stoffmøblar i biblioteket.

 

Investeringstiltak

Nye tiltak

051: Læring og kultur : Bibliotek diverse løysinga       kr. 700 000,-

Eit bibliotek som stettar behova til publikum og lettar kvardagen for dei tilsette. Tilgangskontroll, kameraovervåking, utlånsautomatar, elektronisk innleveringshylle, talevarsling, utlånsløysing nettbrett, elektronisk hyllelesar og digitale infoskilt.