Samfunnsutvikling: mål, utfordringar og budsjett

Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for planarbeid, byggesak, geodata, beredskap, forvaltning og drift av kommunale eigdomar og anlegg, vatn og avlaup, park- og grøntanlegg, veg, forureiningsmynde med meir.

Årsverk: 39,26

Tilsette: 45

Status / utfordringsbilde

Samfunnskontoret:

Det er utfordrande å tenke strategisk og langsiktig, då det samstundes er forventningar til at samfunnskontoret både skal bidra, ha kunnskap og kapasitet til å medverke på detaljnivå i både diverse saker, drift og investeringsprosjekt.

Organiseringa er slik at mykje av saksførebuinga ligg til kontoret og også som del av kommunalsjefen sitt virke. Grunnkjøp og privatrettslege tilhøve har gjennom store delar av dette året og også førre år, gjort at ein har kome reelt på etterskot, med tanke på utarbeiding av avtalar, utbetalingar, utferding av bl.a. skøytedokument, samt å forhandle mellom partar, finne løysingar saman med næringslivet for fremme god samfunnsutvikling.


Eining for Plan, Byggesak og Geodata:

Eining for plan, byggesak og geodata er ei eining med knappe ressursar, men med høgt inntektspotensial. Grad av sjølvkost på byggesak og geodata er særleg god samanlikna med tidlegare år. Den finansielle dekningsgrada (sjølvkostgrada) er for 2020 stipulert til 52,8 % for byggesak og 60,7 % for geodata, medan for plan ligg den på 25,8 %. For 2021 er dei førebelse prognosane ganske like. Ei høg sjølvkostgrad omfattar høgt fokus på handsaming av private planar, byggesak og sakshandsaming etter matrikkellova. Samstundes som eininga gjennomfører større utviklingsprosjekt i form av arbeid med interkommunal kystsoneplan, kommuneplanens arealdel og kommuneplanens samfunnsdel og andre oppgåver som ikkje kan reknast med etter sjølvkostprinsippet.

Stor saksmengd saman med større planarbeid gjer at det er og vil vere utfordrande i høve kapasitet i tida framover. Ein har knapt med ressursar, og dette er sårbart, særleg for byggesak med korte fristar. Det vil også vere ein prøvelse i 2021 med handteringa av covid-19. Rolla som beredskapskoordinator er knytt til eininga, og det er tidkrevjande å handtere beredskapsarbeidet. Dette har gått, og vil gå utover anna sakshandsaming, særleg innan plan og byggesak.

Eining kommunal eigedom/FDV:

Generelt for bygningsmassen på dei kommunale formålsbygga gjeld det at ein har eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Driftstiltaka som er meldt opp til budsjetthandsaming for 2021 kjem som eit resultat av dette men er også eit resultat av materialval i tidlegare utbyggingar der fokuset ikkje har vore på levetid men på å velje rimelege variantar. Ein ser at det er betydelege summar å spare om ein vektlegg livsløpskostnadar på eit bygg både ved nybygg og ved rehabilitering/vedlikehald.

Vedlikehaldsetterslep medfører vidare at ein har uførutsette hendingar som både vert arbeidskrevjande å handtere og som medfører store kostnadar for avdelinga. Vi er per i dag ikkje rigga for dette då vi ikkje har eigen uførutsett budsjettpost. Dette vil dermed måtte belastast driftsbudsjettet. Der er heller ikkje sett av midlar for langsiktig planlegging av vedlikehald.

Arbeidet med tilstandsanalyser for alle eigedomar er sluttført og ein har fått ei forholdsvis god oversikt over status på bygningsmassen som har munna ut i ein fyrste generasjons vedlikehaldsplan.

Etterslepet er i vedlikehaldsplanen kostnadsrekna til kr 64 105 441,- der utbetring er fordelt over ei periode på 5 år basert på dei ulike tilstands- og konsekvensgradene av tiltaka. 

Eigedomsavdelinga i Hareid kommune har ikkje tilgong til drift og vedlikehaldsinstruksar frå då bygga var nye med unntak av bygg oppført siste tre åra. Den vedlikehaldsplanen som no er utarbeidd er difor basert på innmelde tiltak i famacweb, ei forenkla tilstandsanalyse samt eigne registreringar, der hovudfokuset har vore å kartlegge vedlikehaldsetterslep. Ein har deretter sett fokus på kva som er naudsynte tiltak dei to fyrste åra samstundes som ein syner til ein langtidsplan. I tilstandsanalysane er det ikkje tatt hensyn til fornyingsaspektet, men gjennomgåande gjenbruk (demontering/remontering) av eksisterande utstyr og enkle løysingar.

Det viktigste grunnlaget er den årlege tilstandsanalysen saman med behov registrert frå ulike brukarar/leigetakere. Dette gir byggeigar og forvalter ein heilskapleg oversikt over behov for vedlikehald, utskiftingar, ombygging og andre endringar. Dei ulike tiltaka vert prioritert ut frå teknisk tilstand og kostnadar. Naudsynt budsjett vurderast opp mot tilgjengelege budsjettrammer, og endeleg vedlikehaldsplan vert vedtatt. Ein slik plan er dog eit levande dokument som må justerast i høve nye funn i eigedomsmassen. Vedlikehaldsplanen vert dermed eit arbeidsdokument som dannar grunnlaget for kva vedlikehaldsbehov som vert meldt opp til budsjettet kvart år.

Eining kommunalteknikk og VAR:

Eininga har svært mange ansvarsområder. Det i seg sjølv gjer den daglige drifta utfordrande. Det er svært mange store juridiske områder som skal forvaltas og eininga har i tillegg ein stor grad av privatrettslege problemstillingar. Ein har generelt sett eit stort etterslep på alle typar planar og lokale forskrifter, men det jobbast systematisk med å rette på dette, men det er store prosessar som tek tid. Framdrifta av utbyggingsprosjekter er også i stor grad avhengige av grunnkjøp og grunnavtalar noko som tidvis er utfordrande på grunn av mangel på ressursar.

Vatn – Ansvarsområdet inneheld produksjon og distribuering av drikkevatn til alle abonnentane i Hareid kommune. Dette inkludera drikkevasskjelde, nedslagsfelt til drikkevasskjelda, vassbehandlingsanlegg, høgdebasseng, trykkaukingsstasjonar og leidningsnettet. Det er eit stort fokusområde på drikkevatn generelt i samfunnet. Utskiftingshastigheten av leidningsnettet i Hareid kommune er ikkje høgt nok. I løpet av 2021 vil ein ferdigstille arbeidet med den nye vassplana, ein vil då legge opp til ei investeringshastighet som stettar dei nasjonale krava. Dette vil føre til at vassavgifta vil auke. Vassbehandlingsanlegget vårt er gamalt og styringssystemet står føre ei oppgradering. Ein vil i 2021 ha ei stor satsing på å få så mange som mogleg tilknytt det offentlege vassnettet.

Avløp -  Ansvarsområdet inneheld utbygging av og rehabilitering av avløpsnettet, inkludert pumpestasjonar. Reinseanlegg er under planlegging på Raffelneset. Innanfor dette ansvaret ligg også overvatn. Dette er kanskje den største utfordringa ein har i Noreg pr. i dag og Hareid er ingen unntak. Vi har svært mange krevjande saker om overvatn, men spesielt på Ytre Hareid. Ein jobbar med å kartlegge ulike hjelpetiltak. Vi har – som alle andre – enorme utfordringar med framandvatn i avlaupsnettet. Heller ikkje innanfor avløp klarar vi å halde høg nok utskiftingstakt og oppfylle dei nasjonale krava. I løpet av 2021 vil ein ferdigstille arbeidet med den nye avløpsplanen, ein vil då legge opp til ein investeringshastighet investeringshastigheit som stettar dei nasjonale krava. Dette vil føre til at avløpsavgifta vil gå opp. Ein har også store utfordringar knytt opp mot direkteutslepp og forureining. Ein kartlegger systematisk direkteutsleppa og vil i 2021 ha ei stor satsing på å få så mange som mogleg tilknytt det offentlege avløpsnettet.

Slam og Renovasjon – Ansvarsområda er forankra i eininga, men ein har driftsavtale med SSR om den praktiske gjennomføringa.

Veg – Ansvarsområdet er dels privatrettslig og dels offentleg-rettsleg. Kommunen er privatrettsleg eigar av alle dei kommunale vegane. Ein er også lokal vegmynde etter veglova. Eininga har ansvaret for drift og vedlikehald av vegane, inkludert veggrøft. Eininga er også ansvarleg for vinterdrift av vegane og har 7 rode som brøytast i kommunen. Ein har store utgifter til vinterdrift av vegane i kommunen, dette må kvart einaste år dekkast inn gjennom det ordinære vegbudsjettet. Dette har fleire uheldige konsekvensar. Ein ser at fleire av vegane held lav standard og vi får stadig meldingar om utfordringar for bilistane. Det er likevel ikkje alltid berre å asfaltere, ein ser at mange av vegane er gamle og bygd på ein for dårleg måte med manglande masseutskifting og manglande berelag etc. Mange stader er stikkrennene ramla saman og ein får ikkje ein effektiv drenering av vatn, men heller at vatn står i vegkroppen. Dette bidreg også til å svekke standarden på vegane. Vi har også fleire bruer i kommunen med ukjend standard.

 Park og Grønt – Ansvarsområdet dekker alle offentlege grøntområde. Det er Ca 100 mål med plen og Ca 60 mål med busker og trær som skal driftast og vedlikehaldas. Andre arbeidsoppgåver som ligg til dette området er til dømes handtering av boss, sprøyting av uønskt vekstar, kantreinsk, skjøtsel av miljøgate og offentlege benkar. Budsjettet er så knapt at det ikkje dekker fastløn og det aller minste minimum av utstyr. Vi har utstyr som er helseskadeleg og utdatert og utfordringar kva gjeld HMS for tilsette.

Idrettsanlegg – Kommunen eiger idrettsanlegget ved ungdomsskulen og er økonomisk ansvarlig for drifta. Ein har ein driftsavtale med HIL.

Anløp -  Ansvarsområdet dekker farleia til alle anløp i kommunen. Det største ansvaret knytt seg til anløp av ferje og hurtigbåt.

Hamn – Ansvarsområdet dekker drift, vedlikehald og utvikling av alle hamnene i Hareid kommune. Eininga er lokal hamnemynde etter hamn- og farvasslova. Eininga er ansvarleg for ISPS terrorsikring. Ein har store utfordringar med godsterminalkaia og tilstanden på den eldste delen av godsterminalkaia er på eit slikt nivå at vi må vurdere å stenge av området.

Ein legg opp til at det vert utaribeid ein Hamnestrategi for korleis ein vil organisere og drifte dei offentelge hamnene i Hareide.

Gatelys – Eininga er ansvarlig for drift og vedlikehald av alle gatelys i Hareid kommune. Vi driftar også Statens Vegvesen sine lys og får ein årleg refusjon på dette arbeidet. Det er store problem med jordfeil i Hareid kommune og vi opplever tidvis svært store driftsproblem. Kretsane er også svært store noko som gjer at ein jordfeil kan få innverknadar på eit svært stort område, til dømes heile sentrum, store delar av ytre Hareid etc.

Vi vil legge opp til, i samarbeid med dei andre kommunane i sjustjerna å gje frå oss ansvaret for gatelys på dei fylkeskommunale vegane.

Forureining og forureiningsmynde – Eininga er lokal forureiningsmynde. Ansvarsområdet dekker sakshandsaming og tilsyn med forureining i Hareid kommune. Vi vil i 2021 utarbeide ei tilsynsplan og systematisk kontrollere spreidde avløp.

Utbyggingsområde – Eininga har ansvaret for å utvikle nye utbyggingsområder i kommunen, til dømes bustadfelt og næringsområder.

 

Mål / tiltak

Samfunnskontoret:

  • Vere ein sektor som legg til rette for bustad og næringsutvikling
  • Gjennomføre investeringsportefølgja på sektoren
  • Vere ein sektor som samordnar og som står som utviklar av den heilskaplege samfunnsutviklinga i kommunen.
  • Vere ein sektor som er ein ressurs til dei overordna planverktøya

 

Eining for Plan, Byggesak og Geodata:

  • Digitalisering og effektivisering vil vere særs viktig i tida framover.
  • Delta i arbeidet med utarbeiding og ferdigstilling av interkommunal kystsoneplan
  • Halde lovsette fristar for sakshandsaming innan byggesak, oppmåling og plan
  • Syte for at kommunens heimesider er eit godt verktøy for innbyggjarane innanfor sektoren sine fagområder
  • Ferdigstille kommuneplanens samfunnsdel
  • Ferdigstille kommuneplanens arealdel
  • Følgje årshjulet for beredskapsarbeid
  •  

Eining kommunal eigedom/FDV:

  • Utarbeide ein eigedomsstrategi
  • Nytte vedlikehalsplanen som verktøy
  • Det skal etablerast eitt ansvar pr eigedom, vi startar med Helsehuset. Dette gir full oversikt over kvar enkelt eigedom, både på inntektssida og utgiftssida.
  • Samle diverse vedlikehaldstiltak i invisteringspakkar.     

Eining kommunalteknikk og VAR:

På sjølvkostområdet ser ein at det er naudsynt med store investeringar for å sikre utskifting av eksisterande leidningsnett i den takt som nasjonale mynde krev. Dette vil føre til auka kommunale avgifter, noko som er utfordrande for den enkelte innbyggjar. På dei ordinære driftsområda ser ein at det er ein alvorleg knappheit på ressursar. Spesielt på veg, har ein ikkje midlar til å drifte vegane tilfredstillande. Ein ser at  ambisjonsnivået må senkast og ein må prioritere vekk ein heil del med oppgåver som ein svært gjerne kunne ønske å prioritere, men at ressurssituasjonen ikkje gjer dette mogleg å gjennomføre.

 

Budsjett

Samfunnsutvikling

Budsjett 2020

     41 615 025

Sum konsekvensjustering

- 1 819 722

Andre endringer: Artsavhengighet (pensjon mv)

- 947 132

Prisjustering

547 484

Sum konsekvensjustert budsjett utan tiltak

     39 395 655

 

 

Valte tiltak

 

Samfunnsutvikling : Trafikktryggingsplan (35)

150 000

Samfunnsutvikling : Sommarhjelp park og grønt (40)

59 902

Samfunnsutvikling : Vask av servicebygg (28)

79 414

Samfunnsutvikling : Bortfall av leigeinntekter Myrtunet (12)

2 006 000

Sum valte tiltak

2 295 316

 

 

Kommunedirektøren sitt framlegg til ny ramme i budsjett 2021

41 690 971

 

Sektoren si ramme er for 2021 omtrent som for 2020. Dette til tross for at det er lagt inn tiltak som at husleige for Myrtunet ikkje lenger er budsjettert som ei inntekt, då den ikkje er realistisk å oppnå slik tilstanden på bygget er no. I tillegg er trafikktryggingsplanen lagt inn for å sikre vidare utvikling i andre prosjekt som er avhengige av denne. Det er også lagt inn to tiltak med lav kostnad som vil bidra til auka bulyst og omdømme; sommarhjelp park og grønt og vask av servicebygg.

 

Driftstiltak

012: Samfunnsutvikling : Borfall av leigeinntekter Myrtunet.    kr. 2 006 000,-

Fjerning av leigeinntekt. Bygg er ikkje av ein slik standard at det er utleigebart.

028: Samfunnsutvikling : Vask av servicebygg.            kr. 79 414,-

Reinhald av sanitærhus Overåsanden. Reinhald av wc-gjestebrygge/off. toalett.

035: Samfunnsutvikling : Trafikktryggingsplan.           kr. 150 000,-

Ein godkjent Trafikktryggingsplan er ein føresetnad for å kunne søke om midlar til aktuelle tiltak frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.

040: Samfunnsutvikling : Sommarhjelp park og grønt  kr. 59 902,-

Budsjettert med tilsetting av ungdomar til å stelle grøntareal i sommarferien.

Sjølvkost

Samfunnsutvikling: Vass- og avløpsplan         kr. 250 000,-

NB: Manglar i tabellane, men vil ikkje påverke drifta

Samfunnsutvikling: Internkjøp/ajourføring VA-nett      kr 450 000,-

NB: Manglar i tabellane, men vil ikkje påverke drifta

 

Investeringstiltak

Vedtekne

026: Samfunnsutviklling : Hareid brannstasjon.           kr. 6 000 000,-

Brannstasjon må delvis byggast om og utvidast for å innfri pålegg frå arbeidstilsynet. Dette omhandlar krav til garderober, rein/skitten sone, ventilasjon m.m.  Sektor for samfunnsutvikling ser det som føremålstenleg å inkludere driftsavdelingane for kommunalteknikk, vatn og avløp, grønt og eigedom i den vidare utviklinga av eigedommen.  Bakgrunnen for dette er at også deira lokale har tilsvarande manglar.  Ein legg difor opp til ei total prosjektering av ei slik løysing.

025:Hareid sokn : Ombygging av bedehuset    kr. 4 000 000,-

Tilbygg kontorfløy for kyrkjekontor til bedehuset,  jf. brev til kommunen 07.09.2018.                                                                                                 Viser til tidlegare dialog med kommunen i høve planane om tilbygg kontorfløy til Hareid bedehus - og kommunen sin godkjente reguleringsendring av bedehustomta for dette, samt flytting av vegen. Sluttprosjektering av tilbygg kyrkjekontor til bedehuset i 2020:  For å kunne fortsette dette arbeidet trengst det prosjekteringsmidlar for tilbygg kyrkjekontor, pålydande pålydande kr 130 000 ,- for 2020 (kr 90 000 til vidareføring arkitektarbeid og kr 40 000 til rådgjevande ingeniør). Leigeavtale med Floten (10 år om gangen) for kyrkjekontor utgår i 1. mars 2024, difor bør tilbygg kyrkjekontor utførast seinast i løpet av 2023. Husleigekostnad pr dags dato er kr 230.000,- pr/år, noko som vil kunne dekke lånefinansieringa av tilbygget.

034: Samfunnsutvikling : Egenandel NVE        kr. 1 000 000,-

Kommunens del av flaumsikring i Gjerdeelva

042: Samfunnsutvikling : Ferdigstilling Helsehus        kr. 34 000 000,-

Ferdigstilling Helsehus

053: Samfunnsutvikling : Fiberutbygging         kr. 4 000 000,-

Fiberutbygging på Almestranda, Ulset, Kvammen og Hjørungneset

046: Samfunnsutvikling : Godsterminalen        kr. 10 000 000,-

Opprusting av kaia, som er i dårleg stand ref. rapport frå konsulent.

043: Samfunnsutvikling : Holstadfeltet             kr. 16 000 000,-

Herav 7 mill. grunnkjøp, resten er bygging av kanal. Det er her gjort vedtak tidlegare, men innhaldet er noko endra etter dialog med næringslivsaktørar mv.

044: Samfunnsutvikling : Holstadrundkøyring             kr. 1 000 000,-

Innledande arbeid. Redusert investeringsramme i høve tidlegare vedtak.

049: Samfunnsutvikling : Inventar Helsehus    kr. 2 500 000,-

Diverse inventar til mellom anna kontor for psykolog, barnevern mv. i det nye helsehuset.

023: Samfunnsutvikling : Kjøp av tomt Helsehuset.     kr. 11 000 000,-

Kjøp av tomt Helsehuset. Kjøpet er gjennomført, men har vorte belasta byggeprosjektet. Det er no trekt ut.

029: Samfunnsutvikling : KL-marka     kr. 3 000 000,-

Prosjektering og utbygging av VA.

048: Samfunnsutvikling : Lyspakke-veg           kr.  500 000,-

Utskifting til LED i alle gatelys. Vil gi betre trafikktryggleik og straumsparing.

036: Miljøgateprosjektet           kr. 100 000,-

Vidareføring frå 2020. Ferdigstille ombygging av tilkomst til eigedomar.

022: Samfunnsutvikling : Møblering Bibliotek. Kr. 1 500 000,-

Møblering Bibliotek. Vedtatt som del av Helsehus-prosjektet.

031: Samfunnsutvikling : Ombygging veg Helsehuset             kr. 8 000 000,-

Ombygging veg Helsehuset.

040: Samfunnsutvikling : Parkering på tak Coop         kr. 4 000 000,-

Inngått avtale om kjøp av parkeringsplassar på taket til nytt Coop-bygg.

028: Samfunnsutvikling : Pålhaugen    kr. 18 750 000,-

Omsorgsbustadar / avlastning

032: Samfunnsutvikling : Pålhaugen infrastruktur        kr. 4 000 000,-

Pålhaugen infrastruktur til omsorgs- og avlastingsboligar.

027: Samfunnsutvikling : Rådhuset byggetrinn 1.5      kr. 6 250 000,-

Rådhuset byggetrinn 1.5 - byggetrinn 2 delast i to. Dette vil gjelde nord-delen av bygget. Kjellaren vil verte utsett til 2022.

030: Samfunnsutvikling : Sidegreiner Røyset   kr. 4 000 000,-

Sidegreiner Røyset.

024: Samfunnsutvikling : Trapp, heis og uteområde ved Helsehuset.               kr. 4 000 000,-

Trapp, heis og uteområde ved Helsehuset.

 

Nye

038: Samfunnsutvikling : Hjørungavåg skule   kr. 4 000 000,-

Inkl. skulekjøkken, led-belysning, røykdeteksjon og akustikkhimling

045: Samfunnsutvikling : Innovasjonssenter, omsorgsb. mv.
           
kr. 1 000 000,-

Utgreiing og førebuing av nye utviklingsprosjekt. Dette gjeld innomvasjonssentert, omsorgsboliger, ny barnehage mv.

035: Samfunnsutvikling : Kikkert         kr. 250 000,-

Innkjøp av ny teodolittkikkert. Dagens kikkert er frå 1986, og ein har dermed ikkje moglegheit til å framskaffe reservedelar eller gjennomføre service.

037: Samfunnsutvikling : Lys sjukeheim          kr. 1 000 000,-

Lys sjukeheim. Dette er eit branntiltak.

047: Samfunnsutvikling : Toalett ved Nessetelva         kr. 1 200 000,-

Toalett ved Nessetelva for å rydde opp i forureiningsproblematikken i området.    

033: Samfunnsutvikling : Tusenårsplassen      kr. 3 000 000,-

I samband med VA-prosjekt Helsehuset vil ein opparbeide tusenårsplassen som park og bygge ny kai. 

039: Samfunnsutvikling : Disponible midlar for å ivareta uforutsette og akutte behov, samt avslutning av vedtekne prosjekt.
            kr. 5 000 000,-

Disponible midlar for å ivareta uforutsette og akutte behov, samt avslutning av vedtekne prosjekt.

050: Samfunnsutvikling : Vedlikehaldspakke jfr. Vedlikehaldsplan
            kr. 4 300 000,-

Vedlikehaldspakke jfr. Vedlikehaldsplan

 

Sjølvkost

004: Anløp : Byte lyktestolpar molo. Vi må bytte ut lyktestolpene og straumforsyninga på begge moloane for å sikre anløpa.
            kr. 1 200 000,-

054: Anløp : Kai Tusenårsplassen        kr. 1 000 000,-

000: Anløp: Flytebrygge Alme  kr. 400 000,-

NB: Manglar i tabellane, men vil ikkje påverke drifta

008: Avløp : Avskjære overvatn Ytre Hareid.    kr. 2 500 000,-

Vi har kartlagt moglegheita for ei avskjerande grødt over byggjefeltet på Ytre. Konsulentar har sett på ulike løysningar og konkludert med at dei anbefalar å opne eksisterande bekkar, samt å oppgradere eksisterande bekkeinntak. Vi vil på denne måten få redusert mengde overvatn som renn nedover feltet.  Summen er eit estimat.                                                                      

020: Avløp : Bakkeveien.          kr. 500 000,-

006: Avløp : Fornying avløpsnett.         Kr. 1 200 000,-

009: Avløp : Helsehuset.          kr. 5 000 000,-

I samband med helsehusprosjektet må avløpsanlegget i sentrum leggast om og ein må inn med ein ny pumpestasjon.

010: Avløp : Kyrkjegata – Jets. Omlegging av hovudkloakk frå Jets til Soffibakken.                 kr. 325 000,-

011: Avløp : Ovrasanden.         kr. 5 000 000,-

 I samband med helsehusprosjektet må avløpsanlegget i sentrum leggast om og ein må inn med ein ny pumpestasjon.                                                

012: Avløp : Reinseanlegg.       kr. 10 000 000,-

Reinseanlegg på Raffelneset.  Summen er eit estimat.       

007: Avløp : Separere fellesledning Hareidselva.         kr. 1 500 000,-

Gamal fellesleidning som kloakken til størsteparten av Indre Hareid renn gjennom. Røret er øydelagt og må byttast.  Summen er eit estimat.

013: Avløp : Sjøledning Raffelneset.    kr. 7 000 000,-

Må legges for å realisere renseanlegg på Raffelneset.  Summen er eit estimat.

016: Vatn : Bytte PLS vassbehandlingsanlegg. kr. 1 000 000,-

PLS må byttast ut på vassbehandlingsanlegget.

005: Vatn : Fornying vassnett.  kr. 600 000,-

014: Vatn : Helsehuset. kr. 3 750 000,-

I samband med helsehusprosjektet må vassleidningane i sentrum leggast om.                                                                             

015: Vatn : Kyrkjegata - Jets.    kr. 3 250 000,-

Ny vassledning frå Jets til Soffibakken.                    

018: Vatn : Legge om leidning frå vassbehandlingsanlegget.
            kr. 1 000 000,-

I dag går all spylevatn inn på avløpsnettet. I samband med bygging av renseanlegget er det viktig å få redusert volumet av fremmedvatn på avløpsettet.  Summen er eit estimat.

017: Vatn : Nødvatn - tankar. kr. 600 000,-

Etter tilsyn frå Mattilsynet og for å stette krava i drikkevassforskrifta må vi investere i tankar/hengarar ein kan settje ut ved langvarig driftstans.

019: Vatn : Pumpestasjon. kr. 4 000 000,-

Per dags dato er det eit problem med undertrykk i øvre byggefelt om det vert tatt ut store mengder vatn på leidningsnettet. Dette gjelder blant anna områda Teigane, Holstad, Geilebakken, Bigset og Nevstad. For å unngå problem med undertrykk i desse områda er det foreslått å lage nye trykksoner på Teigane, Bigset og Geilebakken ved å bygge eller bygge om eksisterande pumpestasjoner.