Velferd: mål, utfordringar og budsjett

Sektoren tek hand om tenesteområda institusjon, heimetenesta, bu og habilitering, dagsentra, helse og koordinering (legetenesta, psykiatri/rus, fysioterapi, ergoterapi og helsestasjon), NAV Hareid, Ulstein og Sande og barnevern.

Årsverk: 126.3

 Status / utfordringsbilde

Sektor Velferd er i omstilling, ei omstilling som krev tiltak på kort og lang sikt. Strategiske val for å utvikle berekraftige tenester er eit av hovudmåla for sektoren. Andre hovudmål er å betre kvaliteten, utvikle komeptansen, bygge omdøme, utvikle leiarane, rekruttere og helde på dei tilsette.

Budsjettet for 2021 speglar ei satsing på følgjande tenesteområder: tverrfagleg/sektorielt samarbeid når det gjeld oppvekstvilkår for barn og ungdom (kompetanseløftet), barnevern, satsing på velferdsteknologi, organisering av legetenesta og utvikling av eit meir differensiert tenestilbod innan pleie og omsorg (omsorgs-/bustadstrappa).  


I budsjettet for 2020 vart det gjennomført stillingsreduksjon i sektoren. Driftsresultat for 2020 viser eit meirforbruk grunna auke i tenesteproduksjon, reduksjon i statleg refusjonsordning og utgifter på grunn av den pågåande pandemien. Meirforbruket i drifta medfører svært krevjande tiltak for å få budsjettet for 2021 i balanse. Døme på kutt for å kome i balanse er ressursreduksjon til fagdagar, halvårseffekt på vakante stillingar, mangel på lønsressurs til ei 5. nattevakt institusjon/heimetenesta (det må gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsanalyse før den 5. nattevakten kan kuttast). Avheimling av institusjonsplassar er også døme på tiltak for å få budsjettet i balanse. Avheimling er til utgreiing, og vert handsama som politisk sak i februar.

Det vert svært krevjande å gjennomføre dei tiltaka som ligg i budsjettforslaget. Det vil krevje stor innsats hjå leiarar og tilsette. Tiltaka vil medføre reduksjon i tenestetilbodet innan enkelte tenesteområder. Tiltaka vil medføre endring i arbeidsoppgåve hjå tilsette, det kan medføre oppseiing, det siste vil ein unngå så langt som råd.

Sektorens utfordringsbilete er svært samansett. Hovudfokuset er berekraftig utvikling, følgje opp strategi og kontinuerlig forbetring. Agenda Kaupang sin rapport er eit døme på tiltak som vil gi grunnlag for strategiske val innan kommunens helse- og omsorgstilbod.

Mål / tiltak

  • Gjennomgang av alle delar av sektoren for å finne optimal/ berekraftig drift.
  • For å oppretthalde kvalitet og tilbod - vurdere organisatoriske endringar (omstilling)
  • Omsorgstrappa - differensiering av tenestetilbodet.
  • Bygge og drifte nye bustadar for menneske med nedsett funksjonsevne (Pålhaugen).
  • Optimalisere legetenesta i nært samarbeid med Hareid legesenter.
  • Utarbeide omsorgs-/bustadstrapp for Hareid kommune (strategisk plandokument).
  • Vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet i høve til oppvekstvilkår for barn og unge i Hareid.

Budsjett

Velferd

Budsjett 2020

117 305 709

Sum konsekvensjustering

       3 792 027

Andre endringer: Artsavhengighet (pensjon mv)

- 80 275

Prisjustering

1 961 561

Sum konsekvensjustert budsjett utan tiltak

123 283 442

 

 

Valte tiltak

 

Velferd : Nedlegging 8 plassar (6)

-2 000 000

Velferd: Kommunal del av husleige legesenter (38)

120 000

Velferd : Lisensar velferdsteknologi (25)

200 000

Velferd : Auke i overføringar til barnevernet (8)

800 000

Velferd : Auke pga ny legeavtale. (30)

600 000

Velferd : Kompetanseløft 2021. (32)

-400 000

Velferd : Demenskoordinator, halvårseffekt i 2021. (10)

-542 660

Velferd : Kommunepsykolog halvårseffekt 2021 (9)

-542 660

Velferd : Omgjering av 16 plassar til bokollektiv (7)

-1 000 000

Sum valte tiltak

-2 765 320

 

 

Kommunedirektøren sitt framlegg til ny ramme i budsjett 2021

120 213 702

 

Total ramme for sektoren er noko høgre enn for 2020. Det ligg for denne sektoren inne ei større positiv konsekvensjustering enn det som er tilfelle for dei øvrige sektorane. Resultatet av dette er at sjølv om ein har pålagt store kutt har sektoren ei auke i ramma i tillegg til prisjusteringa på omtrent 950’, dette er i hovudsak auke i overføringar til barnevern.

 

Driftstiltak

008: Velferd : Auke i overføringar til barnevernet          kr. 800 000,-

Berekna netto auke for Hareid kommune, basert på budsjett og dialog med barnevernet.

006: Velferd : Nedlegging 8 plassar      kr. – 2 000 000,-

Berekna vinst ved nedlegging av 8 plassar på korttidsseining på Hadartun.

007: Velferd : Omgjering av 16 plassar til bokollektiv kr. – 1 000 000,-

Berekna innsparing ved omgjering av 16 plassar på bueining til bokollektiv.

041: Velferd : Reduksjon fagdag          kr. – 304 420,-

Reduksjon i tal på fagdagar. Må erstattast av andre former for kompetanseheving.

009: Velferd : Kommunepsykolog halvtårseffekt 2021  kr. - 542 660,-

Midlar til kommunepsykolog ligg i budsjettet, men stilling er ikkje besatt. Det er rekna innsparing for halve 2021.

010: Velferd : Demenskoordinator, halvårseffekt i 2021.           kr. - 542 660,-

Midlar til demenskoordinator ligg i budsjettet, men stilling er ikkje besatt. Det er rekna innsparing for halve 2021.

025: Velferd : Lisensar velferdsteknologi         kr. 200 000,-

Viser til handlingsplan Velferdsteknologi 2021 - 2024.

030: Velferd : Auke pga ny legeavtale.  kr. 600 000,-

Ny avtale er inngått med Hareid Legesenter AS og drift av legesenteret i nytt helsehus.

032: Velferd : Kompetanseløft 2021.                 kr. - 400 000,-

Eit samarbeidsopplegg mellom sektor for Læring og kultur og sektor for Velferd.

038: Velferd : Kommunal del av husleige legesenter    kr. 120 000,-

Kommunal del av husleige legesenter.

 

Investeringstiltak

Nye

052: Velferd: Diverse inventar Hadartun           kr. 1 000 000,-

Det er behov for utskifting/fornying av inventar, møblar og utstyr på Hadartun. HMS-tiltak.