Høyring: Ny helse- og omsorgsplan 2021

Pexels.com Hareid kommune skal få ny helse- og omsorgsplan. No er planforslaget på høyring, og vi vil høyre di meining om framtidas helse- og omsorgstenester i kommunen.

Frist for uttale er 22. november 

Helse- og omsorgsplanen er eit styringsdokument som skal liggje til grunn for helse- og omsorgsarbeidet i Hareid kommune. Det arbeidet handlar til sjuande og sist om deg – pasienten, brukaren, den føresette eller pårørande.

Ein gang er det naboen, ein annan gang du. Mange vert brått tatt til side frå skule eller arbeid, andre er kronisk sjuke og har eit livslangt forhold til helsevesenet. Vi treng det i alle delar av livet. Som gravid mor, nyfødt barn, helsestasjon, ein operasjon, heimesjukepleie og kanskje sjukeheim. I all planlegginga, utredninga og koordineringa må vi huske å ta med og lytte til den det gjeld.

No ønsker vi å lytte til deg som har meining om korleis vi skal organisere helse- og omsorgsarbeidet vårt i framtida.

  • Vi vil vite om det er tilbod du saknar – og tilbod du vil ta vare på.
  • Vi vil vite om det er grupper av innbyggarar som fortener meir plass i planen
  • Kva skal vi satse på?
  • Vi vil også vite om planen er forståeleg. Er det for mykje stammespråk og vanskelege passasjar?

Spørsmåla over er berre meint å vere forslag til utgangspunkt for høyringssvara. Har du andre tema/område i planen du vil sette søkjelys på, er du meir enn velkomen til å gjere det.

Her kan du lese forslaget til plan (PDF, 2 MB)

Kven kan sende inn høyringssvar?

Alle. Enkelt og greitt.

Vi kjem også til å utfordre lag- og organisasjonar i kommunen spesielt, særleg dei som driv frivillig arbeid som er knytt til helse- og omsorg.

Vi vil også utfordre andre sektorar/roller i kommunen til å sende inn høyringssvar – til dømes rektorarar og barnehagestyrarar.

Korleis skriv du eit høyringssvar?

Det enkle svaret: akkurat som du vil.

Det er di meining vi vil ha, og den treng du ikkje å putte inn i eit formular eller format. Har du to setningar du vil dele med oss, er det nok. Det kan vere at akkurat desse setningane blir tatt med inn i planen til slutt når alle merknadane er kome inn.

Det einaste du må hugse på er at alle høyringssvar er offentlege og blir lagt inn i saka når planen skal endeleg vedtakast. Du må derfor ikkje skrive personsensitive opplysningar, til dømes om di eiga helsetilstand.

Høyringssvar sender du på e-post til postmottak@hareid.kommune.no eller som papirpost til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.

Frist for å sende inn høyringssvar er 22. november 2021.