Markane nedanfor Brekkane skal detaljregulerast

Markane nedanfor Brekkane skal detaljregulerast

Målet med planarbeidet er å utvikle eit sentrumsnært og attraktivt bustadområde for frittliggande og konsentrert småhusbusetnad.

Varsel om oppstart av detaljregulering og forhandlingar om utbyggingsavtale

I medhald av Plan- og bygningslovens paragraf 12-8 varslar ein med dette oppstart av detaljregulering av gard- og bruksnummer 41/42 med fleire i Hareid kommune. Forslagsstillar er Trelast AS med Per Mulvik AS som plankonsulent. Ein varslar samstundes i medhald av Plan- og bygningslovens paragraf 17-4 om at det vert innleidd forhandlingar om utbyggingsavtale for området.

Målet med planarbeidet er å utvikle eit sentrumsnært og attraktivt bustadområde for frittliggande og konsentrert småhusbusetnad, samt vegsamband mellom Drammensvegen i aust og Reiten i vest.

Planområdet på om lag 39,5 dekar ligg like vest for Hareid skule og omfattar mellom anna eigedomane gbnr. 41/1, 41/2, 41/4, 41/42, 41/483 og 41/607. I gjeldande reguleringsplan (Rima-Brekkane-Gjerde med plan-ID: 19740003) er området regulert til bustadformål og offentleg/privat tenesteyting med innslag av landbruk. For eit mindre areal i vest gjeld kommuneplanen sin arealdel med formålet offentleg/privat tenesteyting. Plangrensa kan bli justert undervegs.

Saman med kommunen har ein i medhald av Plan- og bygningslovens paragraf 4-2 vurdert planforslaget til ikkje å skulle konsekvensutgreiast.

Naboar, grunneigarar og offentlege instansar vert varsla i eige skriv. For meir informasjon kan ein kontakte planleggjar Per Mulvik AS v/Jan Magnus Ose på tlf.70074994 eller e-post: jan@mulvik.no. Varslingsbrev med kartutsnitt og øvrige vedlegg er lagt ut på kommunen si heimeside: www.hareid.kommune.no

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet merkast med «planID: 1517-20180002» og sendast anten som e-post til: jan@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.

Frist for merknader/innspel: 26.02.2019

 

Du finn alle dokument i saka på denne lenkjen. (PDF, 6 MB)