Vil du vere med på å påverke framtidas helse- og omsorgstenester?

Vil du vere med på å påverke framtidas helse- og omsorgstenester?

Hareid kommune skal få ny helse- og omsorgsplan. Vi ønsker å involvere brukarar, pårørande, innbyggarar og politikarar så tidleg som mogleg.

Pexels.com  

 

 

 

 

Frist for uttale er sett til 18. november.

 

Det er viktig med tidleg involvering og det å legge ut planprogrammet på offentleg høyring er ein god måte å få dette til på. Allereie no kan du som politikar, brukar, pårørande og innbyggjar seie noko om kva de tenkjer er viktig for framtida og kva vi bør leggje vekt på i arbeidet med sjølve planen.

Det er lagt opp til å følgje prosessen i plan- og bygningslova i størst mogleg grad.

Planprogrammet vert lagt ut til offentleg høyring i 4 veker, frist for tilbakemelding 18.11.21.

Her kan du lese heile forslaget til planprogram – lenke (PDF, 2 MB)

Planen vi har er frå 2011 og utviklinga har vore stor sidan den gang. Samhandlingsreforma vart sett i verk 01.01.12. Sentral reform som Leve heile livet kom i 2019, og lokalt har velferdsteknologien etter kvart fått plass.

Målet må vere at planen vert eit styringsverktøy som både folkevalde og administrasjonen får eigarskap til; ein plan som alle ynskjer å stille seg bak å følgje opp samla. Helse- og omsorgssektoren i kommunen står framfor store utfordringar. Folketalsframskrivinga viser at det vert stadig fleire eldre i kommunen i åra som kjem. Samstundes kjem yngre aldersgrupper inn med ein stadig større del av brukarandelen.

Områder vi vil fokusere på

I planarbeidet skal mellom anna følgjande leggast til grunn/takast omsyn til:

  • folketalsutvikling og alderssamansetnad
  • utviklingstrekk for helsetilstanden i befolkninga
  • FNs berekraftsmål som er verda sin felles arbeidsplan for å kjempe mot ulikskap, utrydde fattigdom og stoppe klimaendringane
  • Leve heile livet

Nasjonale, regionale og lokale føringar gjer at vi vil fokusere på følgande område:

  1. Ansvar for eige liv
  2. Samarbeid/samhandling
  3. Berekraftig utvikling og innovasjon
  4. Framtidsretta organisering og dimensjonering av tenestene

Ansvar for eige liv

Nøkkelord:

  • fokus på førebyggande og helsefremjande arbeid
  • påverke eigen kvardag

Samarbeid - samhandling

Nøkkelord:

  • aktiv brukar- og pårørandeinvolvering (brukarmedverknad)
  • tverrfagleg samarbeid og koordinerte tenester

Berekraft, utvikling og innovasjon

Nøkkelord:

  • digitalisering og velferdsteknologi

Framtidsretta organisering og dimensjonering av tenestene

Nøkkelord:

  • god kompetanse og kvalitet
  • fokus på teneste til særleg sårbare grupper

Frist for uttale er sett til fire veker frå kunngjering 18. november.

Alle merknadar må vere skriftlege og sendast til kommunen innan 18. november 2021. Merknadar kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.