Vi vil ha svar frå alle!

Vi vil ha svar frå alle!

Denne veka kjem innbyggarundersøkinga i postkassene. Vi vil høyre alle si meining – også dei som ikkje er digitale.

Slik er postkortet du får i postkassa denne veka. På baksida får du viktig informasjon om innbyggarundersøkinga. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

For andre gong, køyrer vi den store innbyggarundersøkinga der vi vil at innbyggarane skal svare på spørsmål om korleis det er å bu i Hareid kommune og tenestene vi tilbyr.

I utgangspunktet er undersøkinga digital. På postkortet du får i postkassa, står det to passord. Ved å gå til svar.bedrekommune.no og skrive inn eitt av desse passorda får du tilgang til undersøkinga og kan svare.

Du kan svare både på datamaskin, nettbrett eller smarttelefon.

Svare på papir?

Vi håpar at flest mogleg svarer digitalt, då det er enklast for oss å administrere.

Dersom du ikkje har tilgang på datamaskin, nettbrett eller smarttelefon, kan du kanskje spørje familie om hjelp til å svare?

Skulle du framleis stå fast kan du få tilgang på papirskjema. Her har du to moglegheiter:

 

  • Du kan hente papirskjema på Brukt og Billig i Kjøpmannsgata i opningstida klokka 11-16.

INNLEVERING: Ferdig utfylt skjema kan du levere i  postkassa ved hovudinngangen til rådhuset innan 9. mai.

 

  • Du kan få utlevert skjema i postkassa di heime.

For å bestille skjema må du ringe kommunen sitt sentralbord på 70 09 50 00. Her må du oppgi namn, adresse og kjennteikn/plassering av postkassa. Fristen for å bestille papirskjema på denne måten er onsdag 5 mai klokka 15.

Då vil Saniteten køyre ut til deg med papirskjema. Det vil du få seinast fredag 7. mai.

INNLEVERING: Når du har fylt ut skjemaet, legg du det tilbake i postkassa di. Det må du gjere seinast søndag 9. mai.

 

(Merk: Alle som er brukarar på dagsenteret, bur på sjukeheimen, omsorgsbustadar eller Hjellebakken får automatisk tilbod om papirskjema)

 

For å nå dei ikkje-digitale innbyggarane våre med denne informasjonen, vil vi ha annonse i Vikebladet. Vikebladet har også skrive om saka på redaksjonell plass.

Vi håpar at de som les dette, kan dele informasjonen med dei de kjenner som er ikkje-digitale.