Kameraovervaking

Hareid kommune har teke i bruk kameraovervaking på desse områda:

  • Hareid skule uteområde
  • Utelageret
  • Rundt sanitæranlegg på Ovrasanden

Overvaking via kamera kan vere eit inngrep i personvernet. Kva som er lov å overvake er lovregulert. Kameraovervaking er regelmessig overvaking av personar ved hjelp av automatisk kamera.

Omsyn til personvern

Omsynet til personvern vert i vareteke ved at:

  • opptaka vert lagra lokalt med SSIKT, som Hareid kommune har databehandlaravtale med
  • det er avgrensa kven som har tilgang til å sjå opptaka
  • det er avgrensing av tid for lagring av opptak
  • det vert gitt informasjon om overvaking til bl.a. tilsette, elevar og føresette og
  • område vert skilta

Område som vert overvaka

Det er kommunale eigedom som vert overvaka.

Ved Hareid skule er det skuleplassen og inngangane som vert overvaka.
På uteområde er det plassen mot stadion som vert overvaka, der sand og anna utstyr vert oppbevart.
På Ovrasanden er det område rundt sanitæranlegget som vert overvaka.

Kven kan sjå opptaka og kva skal dei nyttast til

Opptak kan berre utleverast til politiet i forhold til straffbare handlingar eller ulykker. Opptaka kan ikkje utleverast til uvedkommande. Det kan vere muleg å krevje innsyn dersom ein er ein del av opptaket. Det er då snakk om å sjå opptaket. Det er ikkje løyve til å publisere opptaket.

Skilting og sletting

All overvaking skal skiltast og dei som vert omfatta av overvakinga skal få særleg informasjon om dette. Skjult overvaking er ikkje tillate.

Skiltinga skal vere godt synlege og settast der det er vanleg å gå inn i området. Med det vonar vi å oppnå førebyggjande effekt.

Andre plikter

Dersom ein vesentleg del av personopplysningane som vert overvaka er sensitive må ein søke om konsesjon frå datatilsynet. Det må etablerast internkontroll som gjer at lovverket vert følgt. Ved uønska hending knytt mot rutine skal det meldast avvik.

Datatilsynet - Kameraovervaking - kva er lov?

Datatilsynet - Spesielt om kameraovervaking arbeidslivet