Koronainfo for tilsette

Denne artikkelen vil bli fortløpande oppdatert med informasjon om koronasituasjonen som gjeld deg som arbeidstakar i Hareid kommune

Hareid kommune har kalla inn kriseleiinga i samband med koronasituasjonen.

Hareid kommune har sett krisestab 10. mars på grunn av situasjonen med koronaviruset. Det er ingen konkrete hendingar som er årsaka til dette, men det samla biletet.

I kriseleiinga sit mellom anna ordførar og varaordførar, rådmann, assisterande rådmann, kommunalsjefar, beredskapskoordinator og kommuneoverlege. Representantar for ande viktige funksjonar blir kalla inn ved behov.

Målet med å sette krisestab er todelt:

  • Hindre kritiske situasjonar
  • Vere budd på kritiske situasjonar

Følg råd og retningslinjer

Vi viser elles til nasjonale anbefalingar om korleis ein unngår smitte og smittespreiing.
Denne artikkelen vil bli fortløpande oppdatert med koronainformasjon som gjeld dei tilsette i kommunen.