Heimekontor, endra drift og møter/konferanser

Heimekontor

Dei fleste tilsette i kommunen som har moglegheit for det arbeidar no frå heimen. Dei skal ha med kontortelefon (mobil) heim for å kunne ta i mot telefonar som kjem til dei.

Endra drift

Dersom mange av våre tilsette vert råka, vil arbeidsgjevar vurdere tiltak for å sikre forsvarleg drift. Det kan til dømes medføre mellombels flytting av personale, redusert drift og pålagt overtid om det vert naudsynt. Kommunen vurderer også fortløpande om ein skal inndra ferie for nøkkelpersonell.

Avlyser reiser/kurs/konferansar

Smitteavgrensing er noko av det viktigaste i den fasen vi er i no. Kriseleiinga har no avgjort at all reise-, kurs- og konferanseverksemd i regi av Hareid kommune blir avlyst og/eller utsett. Dette liknar vedtak som allereie er tatt i nabokommunar som Sande og Ålesund. Dei tilsette blir også oppmoda om å nytte alternativ til møter – som videokonferanse dersom det er mogleg.

I møte i kriseleiinga 11. mars blei det lagt til ein presisering:

Eksterne møter med 15 eller færre deltakarar innafor fylkesgrensene er OK. Tilsette blir likevel oppmoda om å finne alternative møteformar som video- eller telefonkonferansar.

Vi oppmodar også publikum om å rette seg etter same råd. Vi ønsker at publikum som vil ha kontakt med tilsette, avtalar dette på førehand og eventuelt sett opp eit møte over telefon/video.

Retningslinjene blir fortløpande vurdert og kan endrast raskt viss det blir naudsynt