Kommunale bygg

Hadartun har ei tid oppmoda om at pårørande og andre reduserer besøk til bebuarar både på institusjon og i leilegheiter. i tillegg er alle arrangement som skulle haldast der avlyst.Der er no besøksforbod.

Skular og barnehagar vart stengt i går 12.03. Ein skule og ein barnehage held ope for barn av føresette som har kritiske samfunnsfunksjonar.

Rådhuset vart stengt i dag 13.03. Frå 16.03 har dei fleste tilsette her heimekontor.

Alle bygg

Alle eksterne besøk skal avklarast før dei slepp inn i bygga. Om det er ekstern arbeidar skal oppdragjevar kontaktast og informere om smittetiltak for å redusere spreiing av smitte.

Besøkande med luftvegsinfeksjon skal ikkje opphalde seg i kommunale bygg. Tilsette som har eller får luftvegsinfeksjon må halde seg heime og jobbe frå heimen.

Reinhald på kontoret. Reinhaldarar treng å få kome til å vaske godt på kontorbord og andre arbeidsflater, det er vårt ansvar at det er ryddig slik at dei kan få utføre jobben sin på ein best mogleg måte.