Heimekontor og personvern
Mange tilsette har no heimekontor. Då må vi vere ekstra varsom med informasjon vi har tilgang til og potensielt kan dele med familien.
Datamaskin - husk å låse den når du går frå arbeidsplassen, mange av oss har tilgang til mykje sensitiv informasjon. Teieplikta vår gjelda også når vi jobbar heime. Om du ikkje låser maskina når du går frå arbeidsplassen din kan potensielt alle som er i heimen gå inn på dine område, gjere endringar, slette eller lese det som står der.
Telefonsamtalar - så langt det let seg gjere bør desse takast i eigne rom der resten av familien ikkje er tilstade. Om dette ikkje er mogleg må tilsett så godt det let seg gjere ikkje nemne namn i telefonsamtalen.
Vi reknar med at tilsette tek ansvar og gjer/har gjort så godt dei kan slik situasjonen er no og takkar for det.
Datatilsynet -Stengte skular og digtale hjelpemidlar
Utdanningsdirektoratet - Personvern ved heimeundervisning - kva må læraren tenke på
NorskHelsenett og heimekontor
Registrering av nye behandlingar
For at vi skal greie å bevare kontrollen over korleis vi tek hand om personvernet, har vi no fått på plass eit enkelt registreringsskjema.
I skjemaet skal leiarar og tilsette i kommunen fortløpande melde inn nye behandlingar som blir sette i gang under pandemien, der personopplysningar er involverte.
Treng du råd om dette? Sjå kontaktinformasjonen til personvernombodet nedanfor.
Skjema som blir registrerte inn her vil bli sende direkte på e-post til personvernombodet for vidare oppfølging.
Her ligg skjemaet.
Datatilsynet har elles ein artikkel som det kan vere verdt å lese om dette emnet.