Spørsmål frå tilsette og registrering som helsepersonell

Leiar har ansvar for å informere sine tilsette. Tilsette skal forhalde seg til næraste leiar for å få informasjon. Spørsmål om situasjonen skal gå tenesteveg. Intern informasjon skal vere i tråd med det som er vedteke av kriseleiinga og som ligg på intranett.

Rådmann skal avklare innhald i svar som skal formidlast eksternt.

Leiar i samråd med kommunalsjef eller assisterande rådmann kan avgjere bruk av heimekontor for å redusere spreiing av smitte. Dei tilsette som kan ha heimekontoret har det (frå mandag 16.03) 

God handhygiene er viktig for å redusere spreiing av smitte. Alle tilsette skal halde seg til retningsliner som er skissert t.d. vaske hender i det du kjem inn i kommunale bygg og går vidare til arbeidsplassen din.

Registrering av helsepersonell - Kommunen treng å få registrere helsepersonell som er utdanna eller har erfaring frå slikt arbeid, men som arbeidar med andre oppgåver i dag. Gjer vel å bruk skjemaet for å registrere deg

Rettar under konsultasjon/isolasjon

Er dette aktuelt for deg, tek du omgåande kontakt med din næraste leiar. Du vil få løn som vanleg medan du er i karantene, og du må pårekne omdisponering av arbeidsoppgåver. Døme: heimekontor, arbeidsoppgåver utanfor institusjonen, fagleg oppdatering ved eigenstudie, e-læring ol. Næraste leiar har ansvar for oppfølging og oppgåvefordeling.

For å få sjukepenger etter folketrygdlova paragraf 8-4 ved ein karantene, må du ta kontakt med lege. Eigenkarantene utan kontakt med lege vil ikkje gi rett til sjukepengar. Sjå elles Nav sine sider om sjukepenger ved karantene/isolasjon/korona-sjukdom.
Skulle det vise seg at du er smitta og vert sjuk er det ordinære sjukepengerettar som gjeld. Du må difor melde frå til arbeidsgjevar (eigenmelding eller sjukmelding frå lege om naudsynt), om det sku