Her finn du ledige stillingar i Hareid kommune

Ønsker du å sjå kven som har søkt på stillingar der fristen har gått ut, finn du offentleg søkjarliste her.

Vi har ledig 100% fast stilling som økonomileiar. Økonomileiar skal sikre god økonomiutvikling og -styring på tvers av sektorar og einingar i kommunen. Stillinga er for tida i økonomiavdelinga som er ein del av sentraladministrasjonen. Den som vert tilsett vil vere ein del av rådmannen si leiargruppe.