Arealplanleggar

Vi har frå snarast ledig 100% stilling som arealplanleggar. Stillinga er for tida i eining for plan, byggesak og geodata i sektor for samfunnsutvikling.

Klikk for stort bileteHareid har ledig jobb som arealplanleggar. Hareid kommune/Erlend Friestad

Vi søkjer etter ein medarbeidar som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ. Nynorsk er vedteke som administrasjonsspråk i Hareid kommune, og den som vert tilsett må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg. Ansvarsområdet for stillinga er hovudsakleg handsaming og utarbeiding av saker og planar knytt til arealplanlegging.

Arbeidsoppgåver:

  • utarbeiding av reguleringsplanane til kommunen
  • sakshandsaming av private reguleringsplanar
  • fornying av eldre reguleringsplanar
  • kommuneplanarbeid. Arealdel, delplanar og utgreiingar i kommuneplanen
  • veg- og trafikkplanar
  • arbeid med planregister samt planbase i kartprogram (Norkart GISLINE)

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • relevant utdanning frå universitet eller høgskule (til dømes arealplanlegging/fysisk planlegging, landskapsarkitekt, ingeniør, arkitekt)
  • kompetanse/erfaring med fysisk planlegging
  • kompetanse i bruk av dataverkty i planlegginga
  • kjennskap til forvaltningsprosessar

Vi kan tilby:

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og humørfylt arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid
  • relevante kurs

Kontaktpersonar:
Einingsleiar Silja Øvrelid. Tlf.: 984 19 650.
Kommunalsjef Kai-Rune Bjørke. Tlf.: 990 44 350.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Du må gje opp referansar og ta med relevant dokumentasjon på utdanning og praksis til intervjuet.

Søknadsfrist 27. februar 2019Elektronisk søknadsskjema.

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjaren bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.