Barnehagelærar - fast 100% stilling

Sektor for læring og kultur søkjer motiverte og profesjonelle medarbeidarar. I eit samarbeid mellom elevar, tilsette, føresette og politikarar har vi utarbeidd "Læring og omsorg – Kvalitetsplan for god oppvekst i Hareid kommune". Planen er bygd på politisk vedtekne resultatmål og er eit styringsverkty for leiarar i barnehagane og skulen. Kommunen har tre kommunale barnehagar, tre barneskular og ein ungdomsskule. 

Frå 1 august 2019 har vi ledig 100% fast stilling som barnehagelærar for tida ved Hareid barnehage.

Formelle kvalifikasjonar:

  • godkjend utdanning som barnehagelærar
  • anna utdanning som vert kravd for arbeid som pedagogisk leiar/pedagog i barnehage

Krav:

  • godkjend politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetting
  • du må signere fråsegn om tuberkulose

Vi søkjer medarbeidarar som:

  • kan leie einskildbarnet og barnegruppa i utviklings- og i danningsprosessar
  • kan leie og rettleie personalet i utviklingsprosessar
  • kan arbeide i team
  • har evne til refleksjon rundt eige og andre sitt arbeid

Vi ønskjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse som kan vere med å utvikle eit godt barnehagemiljø der teamarbeid, relasjonsbygging og språk står sentralt. Barnehagelærarar/pedagogar som vil vere med å gje borna våre ei oppleving av den gode barndom.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte:
Hareid barnehage: Styrar Berit Liaset. Telefon 909 59 124. E-post: berit.liaset@hareid.kommune.no
Rådgjevar Mariann Båtnes. Tlf.: 70 09 50 16.

Søknadsfrist: 24 april 2019. Elektronisk søknadsskjema.

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.