Ferievikarar i sektor for velferd

Vi søkjer:  Sjukepleiar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, helsefagarbeidar, kokk, kjøkkenassistent, heimehjelp og assistentar.

Klikk for stort bilete

Sektor for velferd yter helse- og omsorgstenester og har fem einingar: Bu og habilitering, helse og koordinerande eining, heimetenester og sjukeheim med einingane somatisk og skjerma. Helse- og omsorgstenestene samarbeider på tvers av einingane. Vi ønskjer oss tilsette som er fleksible og ser verdien av samarbeid internt og eksternt.

Periode: 17.06.2019 – 18.08.2019.

Vi kan tilby godt fagmiljø, pasientkontakt, gode kollegaer og løn etter avtale. Du må legge fram politiattest før du tek til å arbeide. Skal du jobbe i heimetenesta må du ha førarkort for personbil. Ta kontakt med einingsleiar om du ikkje har førarkort, men likevel ønskjer å arbeide i heimetenesta.

Vi ber om at du gjev opp kva stilling og eining du ønskjer å arbeide i, samt kva tidsrom du kan jobbe.Dei som kan arbeide i juli og august vil bli prioritert.

Arbeidsstad:
Hareid sjukeheim.
Heimetenesta – (heimesjukepleie, Hadartun bustadar, heimehjelp og personleg assistent).                                          
Bu- og habiliteringstenesta.
Kjøken. 
Dagsenter for eldre.

Kontaktinformasjon:
Hareid sjukeheim, korttidsavdeling. Einingsleiar Monica Småge Skeide. Tlf.: 958 91 280.
Hareid sjukeheim, skjerma- og langtidsavdeling. Einingsleiar Nina Ulstein. Tlf.: 958 91 281.
Heimetenesta. Einingsleiar Hanna Marte G. Sukka. Tlf.: 476 82 834.
Bu- og habiliteringstenesta. Einingsleiar Tommy Anzenberger. Tlf.: 473 67 031.
Kjøken. Kjøkensjef Ann Cecilie G. Utgård. Tlf.: 958 91 287.
Helse og koordinerande eining (dagsenter). Einingsleiar Monica Svoren. Tlf.: 958 91 286.

Søknadsfrist: 04.03.2019. Elektronisk søknadsskjema.

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår.
 

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.