GIS/geodataingeniør- vikariat

I eining for plan, byggesak og geodata har vi ledig eit årsvikariat i 100 % stilling. Startdato blir etter nærare avtale.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som er ein god lagspelar, evnar å arbeide sjølvstendig, har ei positiv serviceinnstilling og som tek initiativ. Nynorsk er vedteke som administrasjonsspråk i Hareid kommune, og den som vert tilsett må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg. Ansvarsområdet for stillinga er hovudsakleg GIS og geodata.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppdatering og vedlikehald av kartdatabaser
  • Drift av GIS-system (kommunen nyttar Norkart GISLINE)
  • Adressering, arbeid mot matrikkelen
  • Oppfølging og rapportering innanfor fagområdet
  • Forvaltningsarbeid og handsaming av enkeltsaker etter relevant lovverk
  • Analyse, planarbeid, landmåling, SQL

Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
  • Kompetanse/erfaring knytt til forvaltningsoppgåver innan plan, byggesak og geodata
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring med programvare innan GIS

Vi kan tilby:

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og humørfylt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Relevante kurs

Kontaktpersonar:
Einingsleiar Silja Øvrelid. Tlf.: 984 19 650.
Kommunalsjef Kai-Rune Bjørke. Tlf.: 990 44 350.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Du må gje opp referansar og ta med relevant dokumentasjon på utdanning og praksis til intervjuet.

Søknadsfrist 27. februar 2019. Elektronisk søknadsskjema.

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjaren bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.