Hareid skule har ledig to vikariat som lærar

Hareid skule - Klikk for stort bilete Til Hareid skule søkjer vi motiverte og profesjonelle medarbeidarar. I eit samarbeid mellom elevar, tilsette, føresette og politikarar har vi utarbeidd "Læring og omsorg – Kvalitetsplan for god oppvekst i Hareid kommune".

Frå 1 februar 2019 er det ledig to vikariat i 100% stilling som lærar ved Hareid skule. Tilsettingane gjeld i perioden 01.02.2019 – 31.07.2019. Det er mogleg at det eine vikariatet kan bli forlenga.

Hareid skule har mellom anna behov for desse faga: Norsk, matematikk og godkjend engelsk for undervising frå 1.-7. steget. Vidare blir det undervising i kroppsøving, musikk og spesialpedagogikk. Du får arbeide som kontaktlærar, og med dei arbeidsoppgåvene som elles ligg til undervising i 1.-7. klasse.

Kvalifikasjonar:

  • godkjend lærarutdanning
  • gode IKT-kunnskapar
  • erfaring med vurdering for læring og læringsleiing

Personlege eigenskapar:

  • strukturert, fleksibel, nytenkjande og løysingsorientert
  • god relasjonskompetanse og evne til samarbeid
  • kan følge opp elevane si læringsutvikling
  • har erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid

Vi legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. Før du vert tilsett må du levere politiattest.

Du vil få varierte og spanande arbeidsoppgåver. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter avtale.

For meir informasjon om stillinga kontakt:
Rektor Hege Tretnes. Tlf.: 971 13 912.

Søknadsfrist 17.12.2018. Elektronisk søknadsskjema

Sak 2018/2246

Løn etter ansiennitet. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår.
 

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.