Jurist

Hareid kommune har frå 1 juli 2019 ledig 100% fast stilling som jurist. Stillinga er f.t. i eining for kommunalteknikk og VAR i sektor for samfunnsutvikling.

Klikk for stort bilete

Eininga har ansvar for ei rekkje offentlegrettslege fagområder som til dømes hamne- og farvasslova, forureiningslova, veglova og vass- og avløpslova. Vi arbeider også i stor utstrekning med ulike privatrettslege spørsmål, til dømes kontraktsrett og entrepriserett.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere rådgjeving og sakshandsaming innafor ansvarsområda i eininga, førebuing og oppfølging av politiske saker, arbeid med forskrifter, regelarbeid og offentlege anskaffingar.

Vi ønskjer at du har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Du må ha gode datakunnskapar, og kommunisere godt både munnleg og skriftleg. I Hareid kommune har vi vedteke nynorsk som administrasjonsspråk.

Det er ønskjeleg at du har solid relevant erfaring, men vi oppmodar også deg som er nyutdanna til å søkje.

Vår nye medabeidar er strukturert, sjølvstendig og har høg gjennomføringsevne. Vi ønskjer at du er god på samarbeid og er utprega løysingsorientert.

Vi kan tilby eit tverrfagleg, kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø, med engasjerte og kompetente medarbeidarar. Kvardagen er prega av høgt arbeidstempo, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø. Det er eit godt juridisk fagmiljø i sektoren. Vi kan også tilby relevante kurs, fleksitidsordning og gode forsikrings- og pensjonsordningar.

For meir informasjon om stillinga kan du kontakte: 
Einingsleiar Christina Steffenssen Tlf.: 916 83 204. E-post: christina.steffensen@hareid.kommune.no
Kommunalsjef Kai Rune Bjørke Tlf.: 990 44 350.

Send søknad med CV til postmottak@hareid.kommune.no seinast i løpet av 23 april 2019. Merk søknaden med "Jurist 2019/591".

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.