Ledig stilling som IT-konsulent i Søre Sunnmøre IKT

Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) er eit interkommunalt samarbeid om IKT mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ulstein og Ørsta. Vi leverer ein komplett IKT-teneste til om lag 10000 elevar og 4500 tilsette. Frå 1.1.2018 er SSIKT organisert i eit eige § 27-samarbeid, som eige rettssubjekt.

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som IT-konsulent i avdeling for driftssenter i SSIKT. Vi søkjer ein medarbeidar for utvikling, vedlikehald og drift av IKT-systema til SSIKT.

  • du vil vere del av eit team på 3-4 personar med ansvar for sentral infrastruktur i SSIKT
  • du må ta del i døgnbemanna beredskapsvakt
  • det er ønskjeleg med særleg god kompetanse og erfaring med oppsett og drift av IP-telefoni og produkt for samhandling. Vi nyttar Cisco CUCM og samhandlingsprodukta i Cisco sin portefølje. Vi har nettopp gått til innkjøp av Webex Teams, som då vil verte vår samhandlingsplattform i alle kommunane vi leverer tenester til.

Som vår nye medarbeidar trur du på gevinst ved samarbeid, samstundes som du kan jobbe sjølvstendig med ulike prosjekt og i samarbeid med dei ulike fagmiljøa vi leverer tenester til.

God kjennskap til IKT-drift innan server, klient, nettverk og lagring er ein føresetnad. Samanhengande arbeidserfaring innan dette feltet dei siste fem åra er eit krav.

Følgjande teknologiar og produkt er heilt essensielle i vår tenesteproduksjon:

  • VMWare ESX
  • Cisco-nettverksprodukt både på kant og i kjerne (Catalyst, IOS XE og NX OS), i tillegg til Cisco ISE og trådlause aksesspunkt og WiFi-kontrollarar frå Cisco
  • IP-telefoni og samhandslingsprodukt frå Cisco (CUCM og Webex Teams)
  • Checkpoint brannmur og endepunktsikring
  • server- og klientoperativsystem frå Microsoft
  • Citrix XenDesktop med tilhøyrande tenester og Citrix Netscaler

Arbeidsoppgåver

  • dagleg drift og overvaking av sentral IKT-infrastruktur
  • delta i og drive utviklingsprosjekt i alle kommunane i SSIKT
  • dialog med leverandørar for forbetring, utvikling og feilretting i systema
  • utarbeiding og vedlikehald av prosedyrar og dokumentasjon
  • særleg ansvar for våre Cisco samhandlingsløysingar
  • ha god kontakt med konsulentane på brukarstøtte, og yte bistand dersom det trengs for å løyse ei brukarstøttesak

Personlege eigenskapar

  • løysingsorientert og fleksibel
  • evne og lyst til å lære deg nye teknologiar og å implementere dei i vår drift
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

Ønskja kompetanse :

  • relevant høgare utdanning
  • drift av større IKT-løysingar, til dømes i offentleg sektor er ein fordel

Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Vil tilbyr:

  • ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
  • godt arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid

Du må disponere eigen bil. Løn etter avtale. Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår, kontorplass vil for tida vere i Ulsteinvik.

Søknadsfrist 18 desember 2018. Digitalt søknadsskjema finn du  her.

Kontaktperson: Leiar i SSIKT, Guttorm Rimstad. Tlf.: 958 39 700.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.