Sjukepleiar- 75% fast stilling med arbeidstid f.t. natt

Sektor for velferd yter helse- og omsorgstenester. Vi samarbeider på tvers av einingane, og ønskjer medarbeidarar som er fleksible og ser verdien av samarbeid.

Vi har frå snarast ledig fast 75% stilling som sjukepleiar. Arbeidsstad er for tida i korttidsavdelinga/heimetenestene i sektor for velferd. Arbeidstida er for tida natt og i turnus.

Vi søkjer etter ein positiv og kreativ medarbeidar som trivst i ein travel kvardag, og som er oppteken av å gi god kvalitet i pasientarbeidet. Du bidreg til trivsel og vekst for pasientar og medarbeidarar.

Det er krav om at du har norsk autorisasjon som sjukepleiar. Du må meistre god norsk både skriftleg og munnleg. Før du kan tiltre stillinga må du legge fram politiattest av ny dato, og gå gjennom smittevernkontroll. Vi søkjer deg som er løysingsorientert, fleksibel og bevisst ditt ansvar. Du må like utfordringar og vere motivert til å gjere ein god jobb i lag med dyktige kollegaer.

For meir informasjon om stillinga kan du kontakte: 
Monica Småge Skeide, einingsleiar i korttidsavdelinga .Telefon: 958 91 280. E-post:  monica.smaage.skeide@hareid.kommune.no
Hanne Marte Sukka , einingsleiar i heimetenesta. Telefon 476 82 834. E-post: hanne.marte.sukka@hareid.kommune.no

Søknadsfrist: 24 april 2019. Elektronisk søknadsskjema.

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.