VA-ingeniør/prosjektleiar

Eining for kommunalteknikk i sektor for samfunnsutvikling har ansvar for å realisere ei rekkje prosjekt som skal utvikle kommunen dei neste åra. Vi leitar etter ein person som vil bidra til å utvikle Hareid.

Stillinga er 100% fast, og er ledig frå snarast. 

 

Gjennom ei rekkje prosjekt dei neste åra skal vi legge til rette for auka næringsetablering gjennom til dømes utbygging av rundkøyring, og tilrettelegging av infrastruktur til nye næringsareal. Vi skal utvikle bysentrum med opparbeiding av miljøgate, og vi ønskjer å byggje ein nyskapande park som vil bidra til auka aktivitet og entusiasme for både born og vaksne i Hareid. Vi skal også realisere fleire byggjefelt med gangavstand til sentrum for å sikre tilgang til byggjeklare tomter. På Hareid har vi fleire hamner og fleire av desse skal utviklast dei neste åra. Vi skal også bygge eit nytt avlaupsreinseanlegg og sikre at ein fjernar alle direkteutslepp. Eininga ligg inne med prosjekt for over 150 millionar i budsjettet for 2019.

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere planlegging, leiing, koordinering og gjennomføring av små og store kommunaltekniske prosjekt, offentlege anskaffingar, kvalitetssikring og/eller utarbeiding av kravsspesifikasjonar. Andre oppgåver kan leggast til stillinga innan eininga sitt ansvarsområde samt kompetanse og interessefelt til den som vert tilsett.

Eininga har i dag 12,5 årsverk og 13 tilsette.Vi tilbyr eit godt tverrfagleg miljø med høg kompetanse, stort engasjement, stor takhøgd og særleg godt arbeidsmiljø.

Vi ønskjer at du har relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, fortrinnsvis innanfor tekniske fag. Andre relevante fagretningar vil likevel telje positivt. Du bør også ha generelt gode datakunnskapar, god norsk skriftleg og munnleg framstillingssevne, førarkort for personbil og helst erfaring frå prosjektleiing eller anna relevant erfaring. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje på stillinga.

Personen vi leitar etter er strukturert, sjølvstendig, med høg gjennomføringsevne og du må trivast best når du har mange ballar i lufta. Vi ønskjer at du er god på å samarbeide med andre og at du er utprega løysningsorientert.

Vi kan tilby deg løn etter avtale, relevante kurs, fleksitidsordning og gode forsikrings- og pensjonsordningar.Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår.

Hareid rådhus ligg ved hamna, og det er berre eit lite minutt å spasere frå ferje og hurtigbåt til rådhuset. Gratis parkering av bil på Sulesund. Hareid kommune har nynorsk som vedteke administrasjonsspråk.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Du må gje opp referansar og ta med relevant dokumentasjon på utdanning og praksis til intervjuet.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte:

Einingsleiar Christina Steffenssen Tlf.: 916 83 204.
Kommunalsjef Kai Rune Bjørke Tlf.: 990 44 350.

Søknadsfrist 3 mars 2019Elektronisk søknadsskjema.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjaren bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.