Vikariat som fagarbeidar/assistent i barnehage

Sektor for læring og kultur søkjer motiverte og profesjonelle medarbeidarar. I eit samarbeid mellom elevar, tilsette, føresette og politikarar har vi utarbeidd "Læring og omsorg – Kvalitetsplan for god oppvekst i Hareid kommune". Planen er bygd på politisk vedtekne resultatmål og er eit styringsverkty for leiarar i barnehagane og skulen. Kommunen har tre kommunale barnehagar, tre barneskular og ein ungdomsskule.
Barnehagane arbeider etter den felles målsettinga: God plass for liten og stor der vennskap gror.

I perioden 01.08.2019 -31.07.2020 er det ledige vikariat som fagarbeidar/assistent i sektor for læring og kultur. Arbeidsstad er for det meste i barnehagane, men det kan bli ledige vikariat også i grunnskulen.

Vi søkjer medarbeidarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med relevant fagbrev og/eller praksis kan også bli vurdert som aktuelle.

Du må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg. Før du kan tiltre stillinga må du legge fram politiattest av ny dato, og gå gjennom smittevernkontroll.

Sektor for læring og kultur ønskjer medarbeidarar med god fagleg kompetanse som er med på utvikle eit godt miljø der teamarbeid, relasjonsbygging og språk står sentralt. Tilsette som vil vere med å gje borna våre ei oppleving av den gode barndom. Du må kunne leie det enkelte barnet og barnegruppa i utviklings- og i danningsprosessar, og samarbeide godt med kollegaer.

Søknadsfrist: 24 april 2019. Elektronisk søknadsskjema.

Nærare opplysningar om stillingane får du ved å kontakte:
Rådgjevar Mariann Båtnes. Tlf.: 70 09 50 16.

Løn etter avtale. Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ynskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.