Hareid kommune best i fylket!

Tusen takk til alle som har gitt pengar og til alle dei som har bidrege til at folk kan støtte TV-aksjonen. Brandal friskule rydda på Kvitneset i samband med TV-aksjonen i 2020. Victoria Røren  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Oppdatert 22. oktober: Innbyggarane i Hareid har til no samla inn 365.000 kroner! Det svarer til eit snitt på over 70 kroner per innbyggar – nesten 28 kroner høgare enn landssnittet.

TV-aksjonen, har som det meste anna i år, vore prega av koronapandemien. Derfor har vi mellom anna ikkje gått rundt med bøsser på dørene. Det er nok medverkande årsak til at resultatet i år ikkje er like bra som i fjor. Då samla vi inn 409.000 kroner til arbeidet med å gi kvinner og jenter i fattige land moglegheiter. Vi hamna likevel høgare oppe på beste kommune-lista. I fjor blei vi nummer 40. I år ligg vi ann til ein god 24.-plass.

Sjå detaljar om årets resultat her.

Her kan du samanlikne Hareid med andre kommunar.


 

I staden for fysiske bøsser, har alle som ønsker det fått opprette digitale bøsser. Skular, barnehagar, innbyggarar og andre har reklamert for aksjonen og oppmoda sine til å gi. Her har innsatsen vore formidabel! Dersom vi berre ser på innhaldet i dei digitale bøssene, er Hareid inne på topp ti!

Dei digitale bøssene og andre givarmoglegheiter er framleis opne. Les meir om dei her.

Temaet plast i havet er også særs aktuelt her på Sunnmøre. Mange skular, barnehagar og andre har derfor nytta dei siste vekene før aksjonen til å rydde i nærmiljøet. Nokre har også sikra seg sponsorar som betalte eit beløp til TV-aksjonen per kilo søppel som blei rydda. Her er det verdt å nemne niandesteget på Hareid ungdomsskule. Dei fjerna over 500 kilo strandsøppel og for det fekk dei inn over 20.000 kroner.

Dersom du ønsker å lese meir om TV-aksjonen og kva pengane går til, kan du lese her.