Varsling

Hareid kommune har teke i bruk varslingsystemet Varsling24 for å varsle innbyggjarar i kommunen ved hendingar som krev rask informasjon. Vi varslar på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Når blir systemet brukt?

Systemet vil bli brukt ved til dømes vasstenging, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon.

Sjekk om du er registrert

Det finst to ulike register du kan velje å registrere deg i for at vi skal nå deg. (Her kan du òg kontrollere om du allereie er registrert).

1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon I dette felles nasjonale kontaktregisteret rår vi deg til å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange førespurnadar frå det offentlege vil skje her i framtida.

2. www.varslemeg.no er eit tilleggsregister du nyttar om du ønskjer å motta varsel for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på.

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.