Politisk påverknad

Som innbyggjar i Hareid kan du påverke lokalpolitikken på fleire måtar, her kjem vi med nokre tips.

Open spørjetime i kommunestyremøtet

I starten av kvart ordinære kommunestyremøte og før det ordinære møte vert sett. Det betry at alle som er innbyggjar i Hareid kommune, har rett til å kome med meiningsytringar eller stille spørsmål frå kommunestyre sin talarstol. Dette skal meldast inn til ordføraren på førehand. Les meir om open spørjetime på side 8 i kommunstyret sitt reglement.

Innbyggjarinitiativ - sett ei sak på den politiske dagsorden

Dersom minst to prosent av innbyggarane i ein kommune krev at ei sak kjem opp for kommunestyret, skal kommunestyret behandle ho. Det er sett visse vilkår for å kunne krevje dette,det kan du lese om her.

Kontakt ein folkevald

Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker. Kontaktinformasjon til dei folkevalte, klikk på t.d. Kommunestyret og du får du fram telefonnummer og e-postadresse til dei som sit i der. Du kan óg invitere ein folkevald til møte i lag og organisasjonar for å diskutere saker.

Møt opp på gruppemøte

Dei vekene det er kommunestyremøte, har partia kvar sine gruppemøte på rådhuset mandag kveld. Her førebur partia seg på det komande kommunestyremøtet. Om du har ei sak du vil ta opp med eit parti: Kontakt gruppeleiaren, informasjon om politiske parti/grupper i Hareid.

Gjer deg kjent med sakene dei folkevalde skal behandle og vedtak som er gjort

Saksdokumenta (innkalling og protokoll) til møte i politiske utvalvert lagde på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i behandlast i møtet? Møtedokumenta finn du her, du må fyrst klikke på utvalet og deretter møtedato. Husk at ei sak kan behandlast i fleire utval f.eks. fyrst i levekårsutvalet, deretter i formannskapet og endeleg vedtak i kommunestyret.

Direktesending av kommunestyremøte

Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal behandlast saker som er unnateke offentleg innsyn. Kommunestyremøta vert filma og lagde ut på YouTube – som direktesending og i opptak. Sjå kommunestyremøta på YouTube-kanalen til Hareid kommune.

Gi høyringsinnspel

Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert behandla vidare. Her finn du saker som er til høyring