Slik kan du påverke

Hareid kommune er til for innbyggarane. Då er det viktig at innbyggarane melder i frå om sine behov og ønsker. Det kan gjerast både til administrasjonen og direkte til politikarane.Klikk for stort bileteMasdalsklova sett frå Hareid.

Politikarane

Her finn du kontaktinformasjon til dei enkelte politikarane.

Ønsker du å møte dei, har partigruppene møte på rådhuset kvar måndag i forkant av kommunestyremøta. (Sjå meir i botn av denne artikkelen)

Du kan også invitere de folkevalde til møte med lag og organisasjonar.



Politiske møter

Alle dei politiske møta er i hovudsak opne for publikum. Dei fleste politiske sakene skal innom minst eit utval før dei hamnar i kommunestyret. Ønsker du å påverke ei sak, er det smart å gjere det så tidleg som mogleg i prosessen. Her  finn du oversikt over når kommunestyret og dei andre utvala har møte, møteinnkallingar og protokollar. Kommunestyret  og formannskapsmøta blir også sendt direkte på nett.

 

Open spørretime

I forkant av kvart kommunestyremøte er det open spørjetime. Då kan alle som er innbyggarar i kommunen gå på talarstolen med meiningsytringar eller stille spørsmål til politikarane eller administrasjonen. Alle spørsmål og innlegg må sendast til ordføraren i forkant. Det kan du gjere her.

Sjå reglementet som gjeld for kommunestyret for fleire detaljar (punkt 23) 

 

Forslagskasse til politikarane

Alle som ønsker kan sende inn forslag til kommunestyrepolitikarane gjennom forslagskassen. Forslag blir fortløpande sendt vidare til dei folkevalde. Forslag kan du sende inn via denne lenka.

 

Innbyggarinitiativ

Får du med deg minst 2 prosent av innbyggarane i kommunen – for tida 103 personar –  kan du krevje at ei sak skal opp for kommunestyret. Det er sett visse vilkår for å kunne krevje dette. Her kan du opprette eit innbyggarinitiativ og lese meir om ordninga.

 

Høyringar

I forkant av større politiske saker, til dømes planer og budsjett, skal dokumenta ut på høyring til innbyggarane. På denne sida finn de ein oversikt over pågåande høyringar.

 

Administrasjon

Har de noko de vil ta opp med administrasjonen eller einingane kan de sende ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no så blir den vidaresendt til rette vedkomande.

Veit de namnet på den de vil skrive til, kan de finne kontaktinformasjon her.

 

Politiske gruppemøte

Gruppemøta er for tida ikkje opne for publikum på grunn av koronasituasjonen. Ta kontakt med partigruppene for å legge fram ditt syn via telefon eller e-post.

Gruppemøter vert halde mandag før kommunestyremøtet på rådhuset.
Her er oversikt over roma partia/gruppene oppheld seg på:

  • Folkelista for Hareid: Ordførarkontoret - inn gangen til venstre for resepsjonen
  • Arbeidarpartiet: Formannskapsrommet - opp trappa, inn døra til venstre
  • Fremskrittspartiet: Kommunestyresalen  - opp trappa, inn døra til venstre
  • Høgre: Møterom 2 - inn gangen til venstre for resepsjonen
  • Kristeleg Folkeparti: kantina - opp trappa- dør rett fram - OBS startar kl 1830
  • Venstre - Møterom 1 - inn gangen til venstre for resepsjonen

Møta er normalt opne for publikum og dørene er opne frå kl. 19:00 - 19:45.