Det har aldri vore naudsynt å ha med valkort for å røyste. Det har likevel vore kjekt om veljarane har det med, for då er det lettare å slå opp i manntalet sidan vi kan skanne strekkoden.
Nytt i år er at dei fleste har fått valkorta digitalt. Det har ført til at valkorta har blitt meir ei byrde enn ein hjelp for valkfunksjonærane.
LES MEIR: Siste veka før valet har vi førehandsrøysting ope til kl 18
Det tar rett og slett for lang tid å leite opp valkortet på telefon (også om du har vore snartenkt og tatt skjermbilde). Du må vise legitimasjon likevel – og då er det raskare om vi får førarkortet med ein gong og får pønsja inn fødsels- og personnummer ditt.
Konklusjon: La valkortet vere heime eller i den digitale postkassa di. Finn heller fram legitimasjonen så tidleg som mogleg. Då sparer vi mest tid.
Takk for hjelpa på førehand!
Døme på godkjend legitimasjon:
- Pass
- Førarkort
- Bankkort med bilete
- Nasjonalt ID-kort
- Andre typar legitimasjon kan også godkjennast. Dette er opp til valfunksjonæren. Kriteriene vi ser på då er om det er bilete, namn, fødselsdato og at det har eit offisielt preg.