Har du røysterett i stortingsvalet?

For å ha røysterett i valet, må du stå i vere folkeregistrert i kommunen og dermed stå i manntalet. No er manntalet for Hareid kommune klart. Du kan sjekke det her.

  Oslo kommune/Sturlason  

Røysterett ved stortingsvalet har alle norske statsborgarar som

  • Vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • ikkje har mista røysteretten etter grunnlova paragraf 53 og som
  • er, eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemmar har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.

Det er folkeregistrert adresse på skjeringsdatoen 30. juni som avgjer kva kommune du skal røyste i. Dette er ikkje mogleg å endre i ettertid.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre, urettmessig er blitt innført eller utelate frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta.

Kravet må vere skriftleg, grunngjeve og må sendast til valstyret i kommunen. Du kan nytte skjema som du finn via denne lenka. Eller sende brev til

Valstyret i Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Manntalet for Hareid kommune er tilgjengeleg for offentleg ettersyn på Servicetorget på rådhuset. Det er også mogleg å ringe sentralbordet på 70 09 50 00 for å sjekke manntalet eller sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.

Dersom du har spørsmål om manntalsføring, utover å sjekke om du eller andre står/ikkje står i manntalet, kan du kontakte valansvarleg Erlend Friestad på e-post: erlend.friestad@hareid.kommune.no.