Slik stiller du liste til kommunevalet

11. september 2023 er det kommunestyreval. Allereie no bør parti og andre som ønsker å stille liste til valet, førebu seg.

Frist for å levere inn liste til kommunestyrevalet er 31. mars klokka 12.00. Denne fristen kan ikkje overskridast. Lister som kjem inn til kommunen etter dette tidspunktet, kan ikkje godkjennast.

Les meir om korleis du stiller liste til kommunevalet i punkta under. Listene som kjem inn blir lagt ut til offentleg ettersyn under punktet offentleg ettersyn. Dette skjer fortløpande.

Denne rettleinga er ikkje uttømande. Ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål eller noko er uklart.

Kven kan stille liste?
  • Alle registrerte parti som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke, eller 5000 stemmer på landsbasis ved førre stortingsval, kan stille liste under forenkla reglar. Dei kan levere lister som er underskrivne av to styremedlemmer i lokalavdelinga. Sjå denne oversikta hos Valdirektoratet over parti som kan stille etter forenklar regelverk.
  • Andre parti eller grupper må samle underskrifter for å få stille. Listeforslaget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 prosent av innbyggarane med stemmerett ved førre kommuneval. I Hareid vil det då vere nødvendig med minst 89 underskrifter. Desse blir rekna som lista sine forslagsstillarar.
    • Det kan vere lurt å skaffe fleire enn dei 89 forslagsstillarane som det er krav på, då underskrifter kan bli avvist dersom dei ikkje stettar krava (sjå under).
    • For å skrive under på eit listeforslag må ein ha røysterett ved valet. Det er berre mogleg å skrive under på eitt listeforslag, men det bind ikkje forslagsstillaren til å stemme på denne lista ved valet. Det er mogleg å vere både kandidat på lista og forslagsstillar. Det går også an samtidig å stå som kandidat på ei liste og stå som forslagsstillar på ein konkurrerande liste. Det går ikkje an å trekke underskrifta etter at lista er levert inn. Listene med underskrifter er underlagt teieplikt.
    • Det er mogleg å levere inn underskrifter elektronisk. Det gjer de på Valdirektoratet sine nettsider.
    • Det er mogleg for ei liste å samle inn både digitale og fysiske signaturar.
  • Parti/grupper kan levere felleslister. Dersom to eller fleire registrerte parti stiller saman, må lista ha to underskrifter frå lokallaget til kvart parti. Dersom ein av “partane” på ei slik liste ikkje kan stille under forenkla regler, må heile lista samle underskrifter som forklart ovanfor.
Kven kan stå på listene?

Alle som har røysterett i kommunevalet, med nokre få unnatak, kan stå på ei liste.

For å ha røysterett i Hareid kommune må du

  • vere folkeregistrert i kommunen og
  • fylle 18 år i løpet av valåret 2023.

​​​​​​​

Utanlandske statsborgarar

Utanlandske statsborgarar må ha tre års butid i Noreg innan valdagen for å ha røysterett.

Statsborgarar frå dei nordiske landa treng ikkje å ha budd ei viss tid i Noreg. Dei har røysterett, og er dermed valbare, om dei er busett i Hareid kommune den 30. juni i valåret.

 

Fritak frå val

Kandidatane som blir sett på ei liste vil få brev av valstyret der dei blir informert om kandidaturet, kva det inneber, og med ein frist for å eventuelt trekke kandidaturet.

Dei treng ikkje å grunngje kvifor dei ikkje vil stå på liste.

 

Utelukka frå val

Følgande personar er utelukka frå val: kommunedirektøren, kommunalsjefar og leiarar på tilsvarande nivå, sekretærar for kommunestyret, ansvarleg for rekneskapsfunksjonen og revisor for kommunen.

Korleis skal ei liste sjå ut?

Overskrift

Den skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget går ut frå. Den må ikkje kunne forvekslast med andre grupper eller parti. Registrerte parti må bruke sitt registrerte namn. Lista kan ikkje ha lokale nemningar som til dømes Hareid [partinamn]. Det er valfritt om partiet/lista vil nytte namnet sitt på bokmål eller nynorsk.

 

Tal på kandidatar

For at ei liste skal kunne godkjennast må den ha minimum sju kandidatar. Ei liste med færre enn sju kandidatar vil ikkje kunne godkjennast.

For lister som stiller til val i Hareid kommune, er makstalet 27 (talet på kommunestyrerepresentantar pluss seks).

 

Røystetillegg

Eit parti/liste som stiller til val i Hareid kommune, kan gi røystetillegg til fire kandidatar. Desse kandidatane vil få eit stemmetillegg på 25 prosent meir enn dei andre på lista. Desse kandidatane skal stå først på lista og vere markert med store bokstavar eventuelt feit skrift.

 

Namn på kandidatane

Kandidatane må førast opp med fornamn, etternamn og fødselsår. Dersom det er nødvendig for å skilje kandidatane, skal også bustadadresse eller stilling førast opp. Dersom dette er naudsynt for minst éin av kandidatane, skal alle kandidatane få denne tilleggsinformasjonen.

 

Det folkeregistrerte etternamnet til kandidaten må nyttast, sjølv om kandidaten ikkje er kjend under dette. Det etternamnet kandidaten er mest kjend for bør då førast opp i parentes.

Dersom to eller fleire parti/grupper stiller fellesliste er det mogleg å føre opp kva parti/gruppe kandidaten høyrer til.

 

Andre opplysningar

Dersom to eller fleire parti eller grupper stiller liste saman, kan lista innehalde informasjon om kva parti/gruppe kandidaten representerer.

Anna informasjon som må ligge ved lista

Det må liggje ved ei liste med fødselsdato til alle kandidatane.

Dersom ein kandidat ikkje er valbar på grunn av stilling, butid eller bustadadresse, må det liggje ved ei erklæring frå kandidaten om at kandidaten vil vere valbar på valdagen (slutte i stilling, nådd tre års butid eller flytte til Hareid kommune).

Meir informasjon om innleveringsfristen

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12. Denne fristen er absolutt, blir strengt praktisert og kan dermed ikkje overskridast.

Kjem lista inn til kommunen 31. mars klokka 12.01, vil valstyret ikkje ha anna val enn å avvise lista.

Det er forslagsstillarane sitt ansvar å sørgje for at lista blir levert innan fristen. Det er ikkje godt nok å postleggje lista før fristen. Lista må ha kome fysisk fram til kommunen innan fristen. Dersom det blir knapt med tid for å rekkje fristen, ta kontakt med valansvarleg for å avtale levering.

Det er mogleg å levere listeforslag på e-post eller faks der signaturane går fram innan fristen. Det er då ei føresetnad at den originale lista med underskrifter blir sendt med ein gong.

Ei liste treng ikkje vere fullstendig innan fristen. Det er til dømes mogleg å levere ei liste med færre enn dei sju kandidatane det er krav til. Det er mogleg å rette feil fram til valstyret godkjenner listene i sitt mai-møte. Forslagsstillarar vil bli underretta om nøyaktig tidspunkt. (Sjå meir under punktet endre liste).

Endre eller trekkje ei liste

Fram til innleveringsfristen 31. mars klokka 12, kan forslagsstillarane endre så mykje som dei vil på lista. Dei kan endre rekkefølga, stryke eller bytte kandidatar. Det er også mogleg å levere eit nytt listeforslag.

Etter fristen kan lista berre endrast for sørgje for at ho stettar vallova og forskriftene. Det er ikkje lov å endre rekkjefølgje eller endre på talet kandidatar som skal få røystetillegg etter fristen

Dersom ein kandidat trekk seg, vil dei tillitsvalde for lista få moglegheit til å setje inn ein ny kandidat om ønskeleg, anten på ledig plass eller fylle inn frå botn.

Ei liste kan trekkjast innan 20. april klokka 12. Etter dette, vil det ikkje vere mogleg å trekkje lista.

Offentleg ettersyn

Listeforslaga vil bli lagt ut for offentleg ettersyn under dette punktet etter kvart som dei kjem inn.

Alle kandidatane vil få melding frå Hareid kommune om at dei står på liste og moglegheiter for å be om eventuelt fritak.

Når valstyret har godkjend listene, vil dei endelege listene bli lagt ut i eigen artikkel og eige punkt.

Arbeiderpartiet

Arbeiderpartiet - liste til offentlig ettersyn

Arbeiderpartiet - liste til offentlig ettersyn
Nr Røyste-tillegg Namn Fødselsår Kontaktinformasjon
1 * Kai-Runar Svarstad 1976
2 * Torill Oda Ringstad 1990
3 Andrzej Flemming 1967
4 Frank Grimstad 1967
5 Jeyuran Vijayaratnam 1989
6 Sivert Tretnes 2003
7 Sonja Bjørlykke 1976
8 Kristoffer Hönl Hagen 1995
9 Alf Erik Bjåstad 1984
10 Ann-Katrin Røyset 1983
11 Terje Kaldhol 1957
12 Daiva Gedgaudiene 1973
13 Hans Sundal 1944
14 Audun Slotterøy 1953
15 Christina Kaldhol 1989
16 Jan Per Bigset 1944
17 Siv Marit Røyset Kaldhol 1967
18 Sølvi Hansen 1951
19 Simon Holstad Grimstad 1999
20 Marte Saure Hatløy 1992
Tillitsvalgt Kristoffer Hagen 47255352 kristoffer.hagen@hareid.kommune.no
Vararepresentant Jeyuran Vijayaratnam 41498240 27@laksan.no

 

Fremskrittspartiet
Fremskrittspartiet - liste til offentleg ettersyn
Nr Røystetillegg Namn Fødselsår
1 * Oskar Jarle Grimstad 1954
2 * Jeanette Teigene 1987
3 * Endre Hammervold 1986
4 * Jülija Sande 1977
5 Ingebjørn Grimstad 1968
6 Harald Elias Teigene 1951
7 Åge Elias Karlsen 1966
8 Øyvind Lillebø 1980
9 Øyvind Finvik 1970
10 Fredrik Fagerli Abrahamsen 1991
11 Brede Roset 1966
12 Kåre Ingvard Alme 1946
13 Egil Hustad 1954
14 Frode Paulsen 1974
15 Bente Bjørvig 1955
16 Øystein Nedrelid 1960
17 Lovise Vikanes 1973
18 Sverre Jarl Ulstein 1952
19 Øystein Nedrelid 1969
20 Monica Grimstad 1981
21 Kjell Marø 1955
Tillitsvalgt Bente Bjørvig
Vararepresentant Sverre Jarl Ulstein

 

 

Meir informasjon

Denne rettleiinga er ikkje uttømande.

Ikkje nøl med å ta kontakt med valansvarleg om de har spørsmål.

For meir informasjon om korleis ein stiller lister og utforminga av desse sjå

Kontaktinformasjon

Leiar av valstyret er ordførar Bernt Brandal:

bernt.brandal@hareid.kommune.no / 90 41 86 33

Valansvarleg i administrasjonen er Erlend Friestad:

erlend.friestad@hareid.kommune.no / 97 14 35 43