Alt du treng å vite om valdagen

Aller viktigast, kom for å røyste!
Like viktig: Hugs legitimasjon.

Klikk for stort bilete

Viss du ikkje har med ID og ingen av valfunksjonærane kjenner deg, må du dessverre gå heim for å hente. Krav til legitimasjon er at det har bilete, namn og fødselsår (til dømes førarkort, bankkort eller pass).

Viss du har med valkortet, blir dei som skal ta i mot stemma di ekstra glad. Det lettar arbeidet for dei, men du får lov å røyste om du ikkje har med valkortet.

Vallokala stenger nøyaktig på oppgitt tidspunkt. Merk: Alle som er i lokalet/står i kø når lokala stenger vil få røyste.

LES MEIR: Slik kan du endre på røystesetelen

READ MORE: Information in foreign languages

Vallokala

Merk: Det er nye vallokale i krinsane samanlikna med tidlegare val. Meir om kvifor kan du lese her.

So lenge du har røysterett i Hareid kommune, kan du sjølv velje i kva for eit av desse vallokal du ønsker å røyste i. (Men du må røyste i eigen kommune på valdagen.)

LES MEIR: Sjå partiprogramma og listene til alle som stiller til val i Hareid kommune

Hareid krins

Tidspunkt: klokka 10-21

Stad: Hareid rådhus, kommunestyresalen

Parkering: Vanleg parkering. Parkeringa på Bankplassen har utvida gratisparkering til 1 time. HC-parkering ved inngang.

Klikk for stort bilete

 LES MEIR: Kven kan røyste

Bigset krins

Tidspunkt: klokka 13-19

Stad: Bigset skule, skulekjøkenet, inngang nede, gå inn korridor til venstre og følg skiltinga

Parkering: Nytt parkeringen ved Langerysta. Handicap-parkering mogleg ved inngang.

Ver varsom og ta omsyn til barna viss du kjem med bil.

Klikk for stort bilete

 

Brandal krins

Tidspunkt: klokka 13-19

Stad: Brandal friskule, inngang nede ved gymsal. Klasserom til venstre.

Parkering: På oppsida eller på skuleplassen.

Ver varsom og ta omsyn til barna viss du kjem med bil.

Klikk for stort bilete

 

Hjørungavåg krins

Tidspunkt: klokka 13-19

Stad: Hjørungavåg skule, gymsalen

Parkering: Sjå kart. Handicap-parkering foran skulebygget.

Ver varsom og ta omsyn til barna viss du kjem med bil.

Klikk for stort bilete