Det blir nye vallokale i krinsane

Valstyret vedtok rett før påske at skulane skal nyttast som vallokale i krinsane.

Klikk for stort bilete

Grunngjevinga for å byte, er at Hareid kommune skal nytte elektronisk manntal på valdagen. Elektronisk manntal vil gjere at røysteprosessen vil vere smidigare og forhåpentlegvis raskare.

For å ha elektronisk manntal, må ein ha internett, og det er det ikkje på bede- og grendehusa i dag. I tillegg er skulane betre tilrettelagt for dei som har ei funksjonshemming. Kommunen er pliktig til å ha vallokale som veljarane kan ta seg inn i «utan hjelp».

Rådhuset skal framleis vere røystestad i Hareid krins.

Vallokale med tilhøyrande opningstid på valdagen 9. september blir som følger:

  • Hareid krins: Hareid rådhus, klokka 10-21
  • Hjørungavåg krins: Hjørungavåg skule, klokka 13-19
  • Bigset krins: Bigset skule, klokka 13-19
  • Brandal krins: Brandal friskule, klokka 13-19

Vallokala vil bli godt skilta. Informasjon om dei nye vallokala vil også bli hengt opp på dei gamle.

På valdagen kan ein røyste i alle vallokala innanfor kommunen ein er busett i. Ein må altso ikkje røyste i den krinsen ein bur.

Her kan du lese sakspapira og protokollen frå møtet.