Gløym valkortet! Hugs legitimasjon!

Vi har konkludert med at valkortet berre kan bli heime i år. Legitimasjonen derimot må du hugse.

Pexels.com/montasje  

Det har aldri vore naudsynt å ha med valkort for å røyste. Det har likevel vore kjekt om veljarane har det med, for då er det lettare å slå opp i manntalet sidan vi kan skanne strekkoden.

Nytt i år er at dei fleste har fått valkorta digitalt. Det har ført til at valkorta har blitt meir ei byrde enn ein hjelp for valkfunksjonærane.

LES MEIR: Siste veka før valet har vi førehandsrøysting ope til kl 18

Det tar rett og slett for lang tid å leite opp valkortet på telefon (også om du har vore snartenkt og tatt skjermbilde). Du må vise legitimasjon likevel – og då er det raskare om vi får førarkortet med ein gong og får pønsja inn fødsels- og personnummer ditt.

Konklusjon: La valkortet vere heime eller i den digitale postkassa di. Finn heller fram legitimasjonen så tidleg som mogleg. Då sparer vi mest tid.

Takk for hjelpa på førehand!

Døme på godkjend legitimasjon:

  • Pass
  • Førarkort
  • Bankkort med bilete
  • Nasjonalt ID-kort
  • Andre typar legitimasjon kan også godkjennast. Dette er opp til valfunksjonæren. Kriteriene vi ser på då er om det er bilete, namn, fødselsdato og at det har eit offisielt preg.