Her kan du førehandsrøyste i fylkestings og kommunevalet

Hareid kommune prøver ut eit nytt førehandsrøystelokale i kommunevalet.

Klikk for stort bilete

I år vil det vere mogleg å førehandsrøyste frå 12. august til 6. september. Som vanleg vil rådhuset vere ope for førehandsrøysting kvardagane (kl 09-15) i heile perioden.

I tillegg vil det vere ein dag med førehandsrøysting på Hadartun (28. august, kl 10-14). Det er lovpålagt å ha førehandsrøysting på helse- og omsorgsinstitusjonar.

Nytt i år er førehandsrøysting på EuroSpar 27. august kl 16-20.*

Den siste veka før valet vil personar som ikkje er i stand til å kome til vallokala få lov til å røyste heime. Ta kontakt med valstyret/valansvarleg innan 4. september om ein ønsker dette.

Ein kan også, viss ein ønsker, røyste i den sokalla tidlegrøysteperioden frå 1. juli-11.august. Ulempa med å stemme då er at røystesetlane ikkje nødvendigvis er klare. Dermed kan ein ikkje gi personstemmer eller slengarar. I tidlegrøysteperioden kan ein stemme på servicetorget på rådhuset mellom klokka 9-15 på kvardagar.

 NB: I førehandsrøysteperioden kan ein røyste i alle kommunar, sjølv om ein ikkje er innbyggar.

* I ein tidlegare versjon av artikkelen var også Coop Extra tatt med som førehandsrøystelokale. Coop var dessverre ikkje sikre på om butikken var opa i slutten av augst på grunn av riving (og nybygging) av butikken. Valstyret valde derfor å fjerne CoopExtra som for å vere på den sikre sida.