Her kan du røyste

Her er ein oversikt over alle stadane du kan røyste - både i førehandsperioden og på valdagen.

Førehandsrøysteperioden

Frå 1. juli - 10. september kan du førehandsrøyste på rådhuset. Frå 30. august er det røystelokale i gamlebiblioteket.

  • Fram til og med 27. august er opningstida klokka 09-15
  • Frå 30. august - 3. september er opningstida klokka 10-17
  • Frå 6. september - 10. september er opningstida klokka 10-18
  • I tillegg er det langope til klokka 20 torsdagane 2. og 9. september.
  • Det blir førehandsrøysting på Hadartun 7. september klokka 10-14.

I førehandsperioden kan du elles røyste i alle førehandsrøystelokale i heile landet. 

 

Treng du røyste heime?

Alle som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan kome seg til eit vallokale, kan få røyste heime. Ta kontakt med sentralbordet på telefon 70 09 50 00 eller postmottak@hareid.kommune.no om du ønsker dette. Vi ønsker å få melding om dette innan 6. september, men siste frist er 10. september klokka 10.

 

Er du sjuk, i karantene eller isolasjon i førehandsrøysteperioden?

Då vil vi du skal vente med å røyste til du er frisk, ute av karantene eller isolasjon. Dersom det ikkje finns andre moglegheiter for å røyste, kan sjuke eller personar i karantene røyste utandørs ved Hareid rådhus. Ta kontakt på førehand. Dersom du er i isolasjon, kjem vi heim til deg (sjå punkt om heimerøysting).

 

Valdagen 13. september

På valdagen kan du berre røyste i den kommunen du var busett i per 30. juni.
Innbyggarar i Hareid kan røyste her:

  • Hareid krins: Hareid rådhus, klokka 09-21
  • Hjørungavåg krins: Hjørungavåg skule, klokka 13-19
  • Bigset krins: Bigset skule, klokka 13-19
  • Brandal krins: Brandal friskule, klokka 13-19

Det er ikkje naudsynt å røyste i den krinsen duer busett i.

 

Særskild røystestad for personar i karantene eller med luftvegsinfeksjon

Sjuke personar skal ikkje nytte ordinære vallokale. Vi har oppretta ein eigen røystestad for desse under halvtaket ved inngangen til rådhuset mot Strandgata.

 

I isolasjon på valdagen?

Då kjem vi heim til deg slik at du kan får røyste. Frist for å melde inn dette er valdagen klokka 10. Dette tilbodet gjeld også personar i karantene som ikkje kan kome seg til vallokalet utan å vere nærkontakt eller ta kollektivtrafikk.

Hugs legitimasjon!

Det er også fint om du har med valkort - det vil lette valgjennomføringa, men er ikkje naudsynt å ha med for å få røyste.