Minner om frist for å levere lister til kommunevalet 2019

Fristen for å levere inn liste til kommunevalet 2019 er 1. april kl 12:00. Denne fristen er absolutt og kan ikkje overskridast.

Klikk for stort bilete

Blir listene levert etter dette tidspunktet kan partiet/gruppa ikkje stille til val.

Det går fram av vallova at listeforslaget skal reknast som innlevert når det er kome inn til kommunen. Posten må vere komen fram eller forslaget må vere levert direkte innan fristen. Det er forslagsstillarane som har ansvar for å sjå til at listeforslaget er kome fram i tide.

Enklast vil vere å levere listene på servicekontoret, då slepp de å tenke på postgang.

Dersom ei liste med underskrifter blir sendt på e-post eller faks (der signaturane på forslaget framkjem) innan fristen, vil det reknast som innlevert. Ei nødvendig føresetnad for det, er at lista med originale underskrifter blir sendt i posten/levert med ein gong.

Sjå elles vedlegget til korleis listeforslaget skal utformast og kva lovkrav som gjeld.

Det er mogleg å levere ei liste som ikkje oppfyller alle lovkrava. Skulle so skje, skal valstyret arbeide saman med dei tillitsvalde for å gjere listeforslaget i samsvar med krava i lova.

Sjå Valhandboka kapittel 7.10 om endringer på innleverte forslag.

(Dessverre er siste versjon av valhandboka foreløpig berre på bokmål.)