No kan du førehandsrøyste

Rådhuset har ope for førehandsrøysting alle kvardagar fram til og med 6. september frå 9-15.

Klikk for stort bilete

Det einaste du treng å ta med, er legitimasjon. Har du valkortet tilgjengeleg, er det supert, men ikkje naudsynt.

I førehandsrøysteperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet. Det betyr at også dei som ikkje er busette i Hareid kommune kan kome til rådhuset for å røyste.

LES MEIR: Treng du å røyste heime?

I tillegg til rådhuset på dagtid, skal kommunen halde førehandsrøysting følgande stader:

Eurospar: 27. august kl 16-20*

Hadartun: 28. august, kl 10-14

Rådhuset (langope): 5. september har vi ope til kl 20.

LES MEIR: Kva kan du gjere med røystesetelen?

* I vår var også Coop Extra tatt med som førehandsrøystelokale. Coop var dessverre ikkje sikre på om butikken var opa i slutten av augst på grunn av riving (og nybygging) av butikken. Valstyret valde derfor å fjerne CoopExtra som for å vere på den sikre sida.