No kan du sjekke om du har røysterett

Valstyret i Hareid har no lagt ut manntalet til kommune- og fylkestingsvalet i haust til offentleg ettersyn.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Manntalet er ei oversikt over kven som har røysterett i valet. For å kunne røyste i Hareid kommune, må du stå i manntalet for Hareid kommune. I desse dagar vil alle med røysterett få tilsendt valkort i posten. Merk: Valkorta blir sendt ut puljevis, og det er ikkje sikkert alle i same husstand får valkorta samstundes.

Det er svært sjeldan det er feil i manntalsutkasta, men for å sikre at alle som har røysterett kan røyste, legg alle kommunar ut manntalet sitt i desse dagar.

Har du budd utanlands den siste tida, er det særleg viktig å sjekke manntalet. Då kan du ha falt heilt ut av manntalet, eller du kan stå feiloppørt fordi du har flytta tilbake til ein annan kommune i Noreg.

For å sjekke manntalet:

Møt opp på servicetorget på rådhuset. Der kan du bla gjennom lista over dei som har røysterett i Hareid kommune.

Viss du berre skal sjekke for deg sjølv eller (eit fåtal) enkeltpersonar, kan du ringe sentralbordet (70 09 50 00) og be om å få snakke med Servicetorget.

Viss du oppdagar at du eller andre er feiloppført, kan du krevje å få retta feilen eller søkje om å bli ført inn i manntalet. Ta kontakt med valansvarleg Erlend Friestad (erlend.friestad@hareid.kommune.no) for meir informasjon.

OBS: Du skal røyste i den kommunen du budde i (var folkeregistrert i) 30. juni. Har du flytta til Hareid etter den datoen, vil du ikkje finne deg sjølv i manntalet. Det er slik det skal vere og vil ikkje kunne endrast på.

Manntalet vil ligge ute til og med valdagen.