Nye vallokale i krinsane

I år kan du ikkje gå på gamal vane når du skal røyste på valdagen.

Klikk for stort bilete

Merk: Det er ikkje naudsynt å røyste i den krinsen du er busett i. Du kan røyste i alle vallokale i Hareid kommune om du har røysterett i kommunen. Det er ikkje mogleg å røyste i andre kommuner på valdagen.

Valdagen er måndag 9. september.

Fram til og med 6. september kan du førehandsrøyste. Les meir om det her.

Hareid krins:

Her er det, som i tidlegare val, røysting på rådhuset i kommunestyresalen.
Opningstid klokka 10-20

Bigset krins:

Bigset skule, inngang nede
Opningstid klokka 13-19

Brandal krins:

Brandal friskule, inngang v/gymsalen
Opningstid klokka 13-19

Hjørungavåg krins:

Hjørungavåg skule, gymsalen
Opningstid klokka 13-19

Bakgrunnen for bytte av vallokale

Fyrst og fremst handlar det om at vi treng stabilt internett når vi skal nytte elektronisk manntal. Deretter er ikkje bedehusa godt tilrettelagt for funksjonshemma. Eit tredje moment er at vallokala skal ha eit nøytralt preg, noko eit bedehus ikkje nødvendigvis har.