Nye vallokaler i krinsane?

Valstyret i Hareid kommune skal ha sitt fyrste møtet måndag 8. april. Då skal dei mellom anna ta stilling til om kommunen skal nytte nye vallokale i kommunevalet i haust.

Klikk for stort bilete

Det er valstyret som tek stilling til dei prinsipielle sakene som omhandlar val i kommunen. Valsekretariatet førebur sakene, men har også delegert ansvar i ei rekke saker. Valstyret består av formmanskapet.

Valsekretariatet i Hareid kommune ønsker å gå over til å bruke elektronisk manntal i kommune- og fylkestingsvalet i haust. For at det skal gå, må vallokala ha internett. Det er det ikkje på bede- og grendehusa som er nytta tidlegare. Valsekretariatet råder derfor til vallokala blir flytta til skulane der det er innlagt internett. Skulane vil også vere betre tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne. Ifølgje vallova skal veljarane kunne ta seg inn i vallokala «utan hjelp».

Valstyret skal også godkjenne tid og stad for førehandsrøysting. Nytt i år er at valsekretariatet forsøker å få til førehandsrøysting på matbutikkane i kommunen.

Valstyret må også ta stilling til eit listeforslag som kom inn tett opp til fristen for innlevering. Forslaget har so store manglar at valsekretariatet rår valstyret til å avvise forslaget.

Les heile innkalling og fullstendig sakliste her.