På tide å førebu seg til valet

9. september er det kommunestyreval. Allereie no bør parti og andre som ønsker å stille liste til valet, førebu seg.

Vil du at ditt parti eller gruppe skal vere blant dei som stiller til val i Hareid kommune, må du hugse på fristen 1. april. - Klikk for stort bilete

Frist for å levere inn liste til kommunestyrevalet er 1. april klokka 12.00.

Denne fristen kan ikkje overskridast.

 

Desse kan stille liste:

Alle registrerte parti som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke, eller 5.000 stemmer på landsbasis ved førre stortingsval, kan stille liste under forenkla reglar. Dei kan levere lister som er underskrivne av to styremedlemmer i lokalavdelinga.

Andre parti eller grupper må samle underskrifter for å få stille. Listeforslaget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 prosent av innbyggarane med stemmerett ved førre stortingsval. I Hareid vil det då vere nødvendig med minst 78 underskrifter.

 

Slik skal lista sjå ut:

Lista skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget går ut frå. Den må ikkje kunne forvekslast med andre grupper eller parti. Registrerte parti må bruke sitt registrerte namn.

Lista skal ha minst 7 kandidatar og maks 27 (21 kommunestyrerepresentantar + 6).

Inntil fire av dei øvste kandidatane kan førehandprioriterast. Det betyr at dei får eit stemmetillegg på 25 prosent. Desse namna skal stå med utheva skrift.

Alle kandidatane må førast opp med førenamn, etternamn og fødselsår. Det er opp til forslagsstillarane om dei vil legge til bustad og/eller stilling. Dette må i so fall gjerast for alle kandidatane.

Fødselsdatoen til alle kandidatane må ligge ved lista slik at valstyret kan kontrollere identiteten og om dei kan velgast.

Bruk gjerne malane som Valdirektoratet har utarbeida. Dei finn de her. Det gjer det lettare både for dei som skal levere liste og dei som skal handsame og godkjenne etter innlevering.

 

Samle underskrifter:

For å skrive under på eit listeforslag (vere forslagsstillar) må ein kunne stemme ved valet i Hareid kommune. Ein kan som forslagsstillar berre skrive under på eitt listeforslag, men det bind ikkje underskrivaren til å stemme på denne lista ved valet. Det er mogleg å vere både kandidat på lista og forslagsstillar. Det går også an samtidig å stå som kandidat på ei liste og stå som forslagstillar på ein konkurrerande liste. Listene med underskrifter er underlagt teieplikt.

Listeforslaget må også innehalde kandidatnamn slik at den som skriv under veit kven som stiller til val for lista.

Valmyndigheitene kontrollerer identiteten til underskrivarane, om dei har stemmerett ved valet og om dei eventuelt har skrive under på fleire listeforslag.

 

Endring av listeforslag

Dei som leverte listeforslaget (tillitsutvalet) kan fritt endre det fram til fristen for innlevering. For registrerte parti vil det vere dei to styremedlemmane i lokalorganisasjonen som er tillitsvalte. Heile styret vil vere rekna som tillitsutvalet.

Lister som går ut frå uregistrerte grupper må vere påført namn på tillitsvald og vara. Den bør også ha namnet på dei som er i tillitsutvalet.

 

Denne rettleiinga er ikkje uttømande. For meir informasjon om korleis ein stiller lister og utforminga av disse, sjå Valhandboka (særleg kapittel 7) utgitt av Kommunal og moderniseringsdepartementet og Vallova med forskrifter.